SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 26 skann 28

26 2) Å få ei vidare utjamning av skilnaden i skolevilkår mellom by og land også når det gjeld sekundærskolen. 3) Å skape like skolevilkår for ulike evner anten dei måtte gå i teoretisk, estetisk eller praktisk lei. 4) Å nå fram til skolevilkår som kan gje elevane grunnlag for eit naturleg val av fag og utdaningsveg. 5) Å skape ein samskole for ungdom i alderen fram til 16—17 år, som kan vere eit demokratisk samfunn i miniatyr. 6) Å gje ungdomen ei innføring i det praktiske arbeidsliv han skal ut i etter fullført skolegang. Den 9-årige obligatoriske skolen har som si særlege oppgåve å gje allmennutdaning, dvs. han skal fremje den personlege voksteren til kvar einskild elev, hjelpe han til kontakt og fellesskap med det samfunn, den verd, han er med i, materielt, sosialt, kulturelt, såleis at han med det innsyn i ulike former menneskeverksemd som skolen gjev — bes. mogleg kan falde seg ut som individ og som samfunnsmennesket Dette ber ikkje i seg at alle elevar i alle 9 år skal igjennom same læreplan, same fag, same pensum. På den eine sida vil kvar elev i den 9-årige skolen møte krav som er måta etter hans eller hennar føresetnader, såleis at han eller ho vil ha vilkår for å lukkast i skolearbeidet og kjenne glede ved framgang. På den andre sida skal elevflokken ha sams aktivitetsprogram og møte ein klasse- og skoleatmosfære som kan gje grunnlag for samvokster. Den 9-årige allmennutdaninga er eit tilbod til alle som veks opp i vårt samfunn, utan omsyn til bustad, yrke eller sosial bakgrunn. Skole og samfunn. Å gje innviing i kulturarven og føre han vidare til stendig nye ættleder, har alltid vori eit viktig føremål for skolen. Ein idé bak allmennskolen er at alle i skoleåra skal få kontakt med den sum av røynsle og innsyn som gjennom tidene er lagd ned i tru, sed og skikk, kunst og dikting, vitskap og teknikk og i institusjonar. Siktepunktet er at kvar ny ættled skal bli sett i stand til ikkje berre å ta vare på kulturarven, men å auke han og føre han vidare. Ei tid med vidfemnande
Skann 28 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/28/