SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 232 skann 236

232 Til å kontrollere desse kunnskapane hos kandidaten kan ein nytte eigne spørsmål til utmerkte ordformer i teksten. Desse kommentarane skal telje saman med omsetjinga i evalueringa av svaret. Munnleg eksamen Kandidaten skal lese opp og omsetje eit stykke frå det pensum han har lese intensivt. God uttale, intonasjon og setningsmelodi skal vege mykje med i evalueringa. Elles legg ein vekt på grei omsetjing. Kandidaten skal og kunne dokumentere god kjennskap til språkbygnaden i islandsk og kunne gjere greie for ordformer og andre språklege fenomen i den teksten han blir prøvd i. Eventuelle spørsmål om islandske kulturtilhøve eller litteratur skal helst ta utgangspunkt i den aktuelle teksten- Kandidaten skal og bli prøvd i eit stykke ukjend tekst. Han skal ha høve til å lese igjennom teksten før han les den opp og omset den. HJELPEMIDDEL 6.1. Lærebøker. Elevane treng ei lærebok i islandsk. Om oppbygginga av denne viser ein til 3.3. Kommentarar til emnelista. Dessutan skal dei ha ei høveleg stor ordbok. Det er føresetnaden at skulen skaffar kompletterande lesestoff på islandsk- 6.2. Andre hjelpemiddel. Skulen må i klassesett eller i boksamlinga skaffe noko islandsk litteratur til utfylling- Det bør vere islandske aviser og tidsskrift, og elles nokor lettare islandsk litteratur, folkeminne, forteljingar, eventjelt faglitteratur, skulebøker o.l. Ein del islandsk litteratur i omsetjing bør det og vere. Det gjeld både den eldre sagalitteraturen og nyare islandsk poesi og prosa. Av AV-aateriale treng ein Island-kart og biletstoff frå Island. Dessutan må ein ha læreboktekstane inntala på lydband, og annan litteratur på lydband eller plater. Ei samling islandske songar på plater bør finnast på skulen.
Skann 236 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 232». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/236/