SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 231 skann 235

2 31 5.2 Standpunktkarakter. Enda ein i islandsk har både munnleg og skriftleg opplæring gir ein berre ein samla standpunktkarakter. Dei skriftlege prøvene vil liggje nokså nær opp til det ein arbeider med i munnleg. Dei må ikkje få dominere når standpunktkaraKter'. skal fastsetjast. Dei skriftlege prøvene vil gi det mest pålitande inntrykk av kva språkkunnskapar eleven har, cg evna hans til å finne ei grei og god ordlegging på norsK. Ved sida av dette må uttalen vege mykje. Læraren må og ta omsyn til den aktivitet og interesse eleven syner i timane. Det er det samla inntrykket av elevens arbeid og framgang i faget som skal liggje til grunn for standpunktkaraKteren. 5,3 Eksamen• Eksamen kan vere skriftleg og/ellev munnleg Til skriftleg eksamen vil det bli gjeve ein islandsk tekst til omsetjing. Teksten vil vere henta frå islandsk normalprosa og ikkje vere altfor lett. Elevane skal ha høve til å nytte ordbok til hjelp under eksamen. Skriftleg eksamen vil gi eit mål for a) — evna til å skjøne ein islandsk tekst. I det ligg evna til å oppfatte teksten intuitivt ut frå den kunnskap kandidaten har om islandsk mål og frå den innleving i teksten han kan makte. Men her blir det og tale om hans kunnskap om islandsk grammatikk og hans evne til å kunne kontrollere omsetjinga ut frå ein grammatisk analyse av samanhengen. b) w evna til å gi teksten att i ei god omsetjing med ei naturleg og grei målføring. Omsetjinga kan gå til bokmål eller nynorsk, i båe høve vil ein krevje ei rett og god målføring. Stilbrot og reine språkfeilar må dra karakteren ned. Til kravet om ei god omsetjing høyrer og at kandidaten har makta å velje ei bestemt omsetjing av eit uttrykk og ikkje vinglar mellom fleire alternativ. Omsetjinga skal kunne stå for seg sjølv utan forklaringar. Tydingsnyansar som islandsk får fram gjennom bruken av grammatiske former som konjunktiv, kasus o.l. må kome fram x omsetjinga og. c} — kunnskapar onr islandsk mål, kjennskap til lydlære, bøyingsverk og syntaks, og til islandsk orddanning.
Skann 235 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 231». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/235/