SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 227 skann 231

227 4 forklara i merknadene. Til tekstane må det vere knytt alfabetisk ordliste. Med den føresetnad at læreboka har eit heller fyldig cg variert utval av tekstar, vil ein kunne hente det som trengst av kompletterande stoff direkte frå islandske kjelder, aviser, tidsskrift og annan litteratur. Tekstutvalet bør opne med lette lesetekstar med konkre*- innhald, gjerne henta frå kvardagslivet eller folkeleg forteljetradisjon. I slike tekstar vil ordfanget liggje nærast det ordforråd elevane kjenner frå norrønt cg norsk. Samanhengen med norrønt vil lette overgangen for elevane. Seinare kan ein gå over til tekstar med moderne ordfang, der også dei nylaga orda kjem sterkare fram. Mot slutten av kurset les ein så dei lengre litterære tekstane. Elevane bør da meistre målet så godt at dei ikkje berre er opptekne av den språklege forståinga, men cg har syn for den litterære verdien av tekstane. Islandsk krev så mykje arbeid med sjølve språket at heile tekstutvalet på 70 sider må lesast intensivt, dvs. elevane må gjennomarbeide tekstane og kunne gjere greie for språklege detaljar i dei. Så langt ein elles har tid, bør ein i tillegg lese ekstensivt utanom, da gjerne i aviser o.l. Elles bør læraren vise til islandsk litteratur i omsetjing, cg annan litteratur om Island som elevane kan gå til. ARBEIDSMÅTE 4.T. Allment. Da kurset i islandsk er eit framhald av kurset i norrønt, og den språklege samanhengen her er så sterk, viser ein og til leseplanen for norrønt mål. Elevane må i islandsk og rekne med å arbeide mykje med formverket og å pugge viktige bøyingsmønster. Her bør dei kunne nytte ut kunnskapane i norrønt og merkje seg dei lovbundne skifte som har skjedd, og den likskap i bøyingsverk og syntaks som enda er der»
Skann 231 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 227». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/231/