SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 226 skann 230

226 3.2 3.3 Etter ei slik innføring i sjølve språket skal dei lese eit utval tekstar, både sakprosa og dikting. Tekstane bør og gi ei innføring i islandsk kultur og samfunnsliv. Da dei skal kunne ta seg nokolunde lett fram i aktuelle islandske tekstar, må ein gi elevane eit heller stort moderne ordfang. Ein må sjå til at dei får lese rikeleg med tekstar der dei ikkje minst kan møte islandske erstatningar for dei internasjonale kulturorda. Her kjem det på tale å velje tekstar frå aviser, tidsskrift, lære- eller fagbøker. Men dessutan skal dei få eit inntrykk av islandsk litteratur med hovudvekt på moderne tid. Samstundes med denne tekstlesinga skal elevane få utvida kjennskap til islandsk språk. Når det gjeld jamføring mellom islandsk og norsk språkutvikling og kjennskap til islandske kulturtilhøve, må det meste kome som kommentar til tekstlesinga. Emneliste. A. Munnleg a) Opplæring i islandsk lydlære og formlære, og noko syntaks. b) Lesing av eit utval tekstar på 70-80 sider. Tekstane kan hentast frå islandsk litteratur, prosa og poesi, og sakprosa. Om lag 1/3 skal vere sakprosa. c) Noko realkommentar til språkutvikling, og til islandske kulturtilhøve, med hovudvekt på litteraturen B. Skriftleg. a) Øvingar til innlæring av formverket b) Omsetjing av ukjende islandske tekstar til bokmål eller nynorsk. Til tekstane kan det knytast språklege kommentarar. Kommentarar til emnelista Læreboka i islandsk må gi ei nokolunde fyldig innføring i lydlæra, eit oversyn over bøygningsverket og dei viktigaste særdraga ved syntaksen. Ein føreset da ikkje bruk av ein særskild grammatikk. Tekstane må vere valde slik at dei gir ei progressiv innføring i ordfanget. Særlege vanskar i tekstane skal vere
Skann 230 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 226». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/230/