SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 225 skann 229

3. Dei må’ lære det moderne ordtilfanget så godt at dei nokolunde lett kan lese islandske aviser, tidsskrift eller annan litteratur. Det vil krevje at elevane blir tolleg støe i bøyingsformene, og særleg merkjer seg slike særdrag i syntaksen som skil seg ut frå norsk målbruk. Ein vil måtte leggje mest vekt på å gi elevane eit heller stort passivt ordforråd slik at dei kjenner att orda når dei ser dei. Derimot kan ein ikkje vente for mykje av aktivt ordfang i eit så stutt kurs, eller at elevane kan uttrykkje seg sjølvstendig på islandsk anna enn i enkle vendingar. Som ei prøve på kor god ordkunnskapen er, skal elevane kunne omsetje til norsk vanleg islandsk normalprosa. Tekstene skal ikkje vere kjende av elevane på førehand, og kan hentast frå ymis slag litteratur, sakprosa, avisprosa osv. I arbeidet med islandsk skal elevane lære å kjenne fellestrekk i islandsk og norsk språkutvikling, og sjå den ulikskap som har vakse fram mellom dei to måla. Her må ein og ta omsyn til dei norske målføre som står islandsk nærmast i lydutvikling. Gjennom tekstutvalet skal elevane og få noko kjennskap til islandsk dikting. Denne kunnskapen bør utvidast med eit oversyn over islandsk litteratur og kultur. EMNEPLAN 3.1. Krav til utvalet av fagstoff som følgjer av målet. Enda elevane har ein viss bakgrunn i det norrøne 3-timars kurset, vil islandsk på mange måtar verke som eit nytt og ukjent mål for dei. Dei må difor først få ei innføring i målet gjennom lette lesetekstar samstundes med at dei får kjennskap til og øving i islandsk uttale. Skal dei venje seg til å oppfatte munnleg islandsk og sjølve tileigne seg ein god uttale, må dei få høve til å høyre islandske tekstar inntala på band eller plater. Ved sida av det må dei få ei systematisk innføring i islandsk lydlære, bøying lære og dei mest særkjennelege drag ved syntaksen.
Skann 229 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 225». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/229/