SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 222 skann 226

6. HJELPEMIDDEL 6.1. Hjelpe m: Hjelpemiddel elevane skal ha« a) Ei vanleg lærebok i norrønt mål. Læreboka bør innehalde eit utval tekstar på 60-7Q sider. På dette steget vil tekstane vere tilrettelagde for skulebruk, og boka bør ha ein naturleg progresjon frå lette til tyngre tekstar. Men utvalet bør og vere slik samansett at det gir eit førsteinntrykk av norrønt samfunnsliv og kulturliv. Da tekstane må hentast frå norrøn litteratur, vil det alltid vere språklege og saklege problem i dei som krev utfyllande merknader til stykka. Det vil vere ein føremonn om læreboka har høvelege arbeidsoppgåver (særleg av språkleg art) knytte til stykka og stimulerer til sjølvstudium. Læreboka må gi eit oversyn over dei viktigaste draga i lydlære og bøyingslære, og ha ei alfabetisk ordna ordliste. b) Eit større utval tekstar henta frå norrøn litteratur utan anna tilrettelegging enn normalisering av rettskrivinga. Tekstane må dekkje dei viktigaste områda av norrøn bokheim, både originale verk og omsett litteratur, med hovudvekt på sentrale verk. Samla bør dei gi eit fyldig inntrykk av norrønt åndsliv og livssyn, samfunnsliv og kulturliv. Leseverket bør ha eit tillegg med språklege og andre merknader. c) Ein særskilt grammatikk med eit systematisk oversyn over formverket og dei viktigaste draga av setningslæra. Særleg dei elevar som skal halde fram med 5-timars kurset, må lære seg å bruke ein systematisk oppbygd grammatikk. d) Desse elevane treng og ei særskilt ordbok. Det er Ønskjeleg å få ei høveleg stor ordbok som kan dekkje det ordutvalet elevane kan råke på i dei tekstane dei les. Ordboka bør ha eit godt utval av uttrykk under dei ymse oppslagsorda, og jamføringar med bygdemål/nynorsk. Ei særskild lærebok i norrøn litteraturhistorie. e) 6.2. al Hjelpemiddel skulen bør ha. Kart og biletstoff. Historiske kart over Norden, Noreg og dei andre områda som høyrde med til Noregsveldet, detaljkart over stader som er omtala i kongesoger eller ættesoger osv.
Skann 226 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 222». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/226/