SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 215 skann 219

215 Ein arbeider hovudsakleg munnleg med faget i dette kurset. På dette steget er omsetjinga først og fremst ei prøve på om eleven har forstått innhaldet i teksten Skriftlege Øvingar er nyttige til å øve inn grammatikken. Det kan og vere tenleg å skrive kortare omsetjingsoppgåver. D-ette er ofte ei hjelp til å arbeide meir eksakt med teksten. I heile kurset må ein nytte ut dei høva som byr seg til å jamføre det norrøne målet med det målet elevane sjølve brukar. Dei skal lære å skjøne sitt eige mål betre, og dei skal få noko betre kjennskap til norske bygdemål. Kunnskapane i norrønt kan og nyttast ut til å kaste lys over lokale kulturminne som t.d. stadnamn og gardsnamn. Realopplysningane (i mytologi, kulturhistorie og litteraturhistorie) må ein prøve å gi på ein slik måte at dei vekkjer lærelyst hjå elevane. Dette stoffet byr på mange emne til arbeidsoppgåver. Det kan vere på sin plass å la elevane lage små utgreiingar frå desse emneområda. Arbeidet kan dei utføre kvar for seg eller saman med andre. Slike utgreiingar legg dei munnleg fram for klassa. Når ein har gått gjennom eit tekstutval på om lag 50 sider, vil det vere naudsynt for dei som skal ta 5-timarskurset, å ta fatt på lengre og vanskelegare tekstar. Dette bør ein kome godt i gang med før skoleåret er ute. Dei må skaffe seg ordbok, og få Øving i å slå opp ord. Ein serskild grammatikk må dei og ha. Dersom det er praktisk mogeleg, må ein på dette steget gjennomføre ei differensiering i gruppa. Dei elevane som har bestemt seg for å ta berre 3-timarskurset, må få høve til å fordjupe seg i eit emne innafor norsk kulturhistorie i vidaste meining. Emnet skal ha meir eller mindre fastttilknyting til norrønt mAl»
Skann 219 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 8

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 215». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/219/