SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 207 skann 211

207 2. I studieretnings faget vil ein andre året byggje vidare på det grunnlaget elevane har fått i 3-timars kurset. Ein tar sikte på å gi elevane ein støare kjennskap til norrønt mål. Men her vil ein og gi ei meir systematisk innføring i norrøn litteratur og kultur og eit breiare grunnlag for jamføring.med norsk mål og kultur i nyare tid. Kursa i norrønt mål høver godt saman med tilvalskurs som norsk, språkleg kurs, litteratur, språkhistorie, fclkeminnehistorie o.l. Elevar som har høve til å velje fleire av desse tilvalskursa saman, vil kunne byggje opp ei studieretning med ein sterk kjerne av norsk og norrønt mål og kultur. Andre språkfag, særleg kasus- og bøyingsmål som tysk og latin, vil stø opplæringa i norrønt mål. MÅL 2.1. Undervisninga i norrønt tar sikte på å setje elevane i stand til å lese og skjøne vanleg norrøn prosa, å setje elevane i stand til å gi ei grei og god omsetjing til moderne norsk av slike norrøne tekster, å gi elevane eit innsyn i eit kasus- og bøyingsmål som norrønt. å gi elevane noko kjennskap til framvoksteren av norsk mål og sambandet mellom norrøn og norsk målform i ny tid, å skjerpe sansen hos elevane for det som er særlaga for norsk målbruk, å gi elevane noko kjennskap til den kulturarv vi har i stadnamn, nemningar, ord og vendingar, å gi elevane noko kjennskap til norrøn kultur, litteratur, tru, sed og skikk. For kurset med 3 veketimar vil målet først og fremst liggje i dei 3 første punkta.
Skann 211 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 207». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/211/