SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 206 skann 210

MELLOMBELS FAGPLAN FOR KURS I NORRØNT. 1. GENERELL INFORMASJON I norrønt mål kan elevane velje mellom to kurs. Det eine er eit studieretningsfag som går over dei to siste åra med timetalet 3+5. Det andre er eit tilvalsfag som blir avslutta etter eitt år. Det har 3 timar i veka. Denne fagplanen gjeld båe kursa og byggjer på desse timetala. Da timetalet i studieretningsfaget første året har same timetal som tilvalskurset, har ein sett opp ein felles fagplan for dette året. Dei skulane som ikkje har høve til å skipe båe kurs kvar for seg, vil kunne tilby eit felles kurs i andre klasse. Dei elevane som har valt norrønt til studieretningsfag, held så fram siste året med 5 veketimar. Det bør vere høve til å velje norrønt til studieretningsfag mot slutten av andreklassa for dei elevane som har vore med i 3-timars kurset og som ikkje har bestemt seg før. Det kan gjelde elevar som har blitt motiverte for å halde fram med norrønt etter dei har arbeidd med det eitt år. Det skapar visse problem for fagplanen at ein må ta omsyn til to slag elevar i 3-timars kurset. For studieretningsfaget på 3+5 timar vil det vere naturleg å nytte det første året med 3 timar til å leggje eit så godt språkleg grunnlag for det vidare arbeidet med norrønt som mogleg. Andre sider ved den norrøne kulturen høver det best å ta opp i andre studieåret. Elevar som vel det mindre kurset, kan vere lite motiverte for sjølve språkstudiet og meir interesserte i å sjå norrønt mål i samband med språkhistorie, målføre, stadnamngransking, studium i norsk kulturhistorie osv. På dei skulane der det er naudsynt å slå desse to elevgruppene saman i eit felleskurs, vil det derfor vere svært viktig å gi høve til ei viss differensiering mot slutten av årskurset. Elevar som har rådd seg til at dei ikkje vil halde fram med norrønt mål, må få høve til å arbeide med særoppgåver i samsvar med interessene sine. Dei andre elevane må få halde fram med det språklege arbeidet som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med norrønt. Seinare i fagplanen kjem ein inn på korleis denne differensieringa kan la seg gjennomføre. I evalueringa av dei elevane som sluttar kurset etter eitt år, må ein ta omsyn til kva kvar elev har arbeidt med.
Skann 210 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 206». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/210/