SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 7 skann 9

7 Når det ikkje er serskild tilsynsnemnd for skulen, er det skulestyret som tek avgjerda. Vedtak om bortvising må godkjennast av overtilsynet. Kapitel 2. Skulesfyiping og styring. § 12. Ein kommune kan skipa ein eller fleire framhaldsskular. To eller fleire kommunar kan gjera avtale om å skipa ein skule i lag. Avtalen skal fastset ja korleis styringa av skulen skal ver a skipa. Avtalen gjeld ikkje utan godkjenning frå overtilsynet. Elevar som har minst 6 km landveg eller minst 1 km sjøveg til skulen, skal få tilskott av kommunen til innhysings- eller skyssutgiftene (jfr. § 18, e). § 13. Etter framlegg frå skulestyret kan ein kommune fastset ja at alle ungdomar i kommunen skal gå framhaldsskulen det første året etter dei sluttar i folkeskulen, når dei ikkje får anna høgare utdaning. I serhøve kan skulestyret gje ein ungdom opp til eit år utsetjing med å gå framhaldskulen, eller frita han heilt. Eit pliktig framhalsskule-kurs skal vara. a) i bygdene frå 12 til 26 veker b) i byane frå 12 veker opp til eit heilt skuleår. Føresegnene i folkeskulelovene om ansvaret når born er borte frå skulen og om skyldnad for arbeidsgjevarar, skal og gjelda for pliktig framhaldsskule (§§ 15, 16, 17, 18 og 68 i landsskulelova, §§ 16, 1 7 og 61 i byskulelova). Herad som har fått løyve til å skipa folkeskulen sin etter byskulelova, kan og skipa framhaldsskulen sin som byane. § 1 4. Framhaldsskulen står under skulestyret, under skuledirektøren som er overtilsyn, og under fylkesskulestyret i saker som vedkjem fylket. Departementet er overstyre for skulen. Kvar av desse styremaktene står i same høvet til framhaldsskulen som til folkeskulen. § 15. Skulestyret kan velja ei serskild nemnd til å føra tilsyn med framhaldsskulen. Nemnda kan veljast for opp til 3 år om gongen og skal ha frå 3 til 5 medlemer, kvinner og menn. Skulestyret nemner opp formann og varaformann og fastset nærare reglar om gjeremåla til nemnda. Reglane treng godkjenning frå overtilsynet. Har to eller fleire kommunar skipa ein framhaldsskule i lag, blir nemnda samansett etter avtale mellom kommunane. Nemnda skal føre ei møtebok, som formannen i skulestyret har godkjent. Nemnda er vedtaksfør når minst halvparten av medlemene er til stades. Vedtaka krev vanleg røystefleirtal. § 16. Skulestyret skal syta for at framhaldsskulen får fullt tenlege arbeidsrom med tidhøveleg utstyr. Om helsetilsyn og tannrøkt gjeld føresegnene i folkeskulelovene (§ 11 i landsskulelova, § 1 1 i byskulelova).
Skann 9 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 7». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/9/