SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 6 skann 8

6 (arbeidsopplæring) med arbeidskunnskap, norsk, rekning med bokføring, samfunnslære og helselære. I skular med stuttare opplæringstid enn 648 timar skal dette vera pliktige læreemne : a) i teoretiske kurs: norsk, samfunnslære og rekning med bokføring b) i praktiske kurs: arbeidsopplæring med arbeidskunnskap. Forutan dei læreemne som er påbodne, kan dei ha andre læreemne frå opplæringa i folkeskulen. I teoretiske kurs bør det vera noko opplæring i praktisk arbeid, og i praktiske kurs bør det vera noko teoretisk rettleiing knytt til arbeidsopplæringa. Kroppsøving skal vera pliktig læreemne i vanleg dagskule. Det skal vera opplæring i husstell til gjentene så framt det går minst 4 gjenter på skulen. Dette påbodet gjeld likevel ikkje for skular der mindre enn ein fjerdepart av skuletida blir nytta til arbeidsopplæring. Føresegna i denne leden skal vera gjennomførd innan 5 år frå den tida lova tek til å gjelda. Skulestyret fastset skuleplan og fag- og timebyteplan med godkjenning frå overtilsynet. § 6. Arbeidsopplæringa skal vanleg gjelda eit yrke frå arbeidslivet i bygda eller på staden (som handverk, industri, handel, husstell, jordbruk, skogbruk, fiske). Til arbeidsopplæring blir og rekna handarbeid med teikning. Dei som går på skulen, skal læra å kjenna reiskap og arbeidsmåtar og få så mykje øving at dei har noko tame i sjølve arbeidet. Dei bør få kunnskap om korleis yrket har vakse fram, og kva det har å seia for samfunnshushaldet, om helsevilkåra i yrket, og om stoda for yrket i distriktet. § 7. Utan samtykke frå overtilsynet må det ikkje vera meir enn 30 elevar i ei klasse. § 8. Framhaldsskulen kan vera sams skule for gutar og gjenter, eller serskild skule for gutar og for gjenter. Kommunen kan skipa serskild framhalsskule for ungdom som har små evner eller står til atters av andre grunnar. § 9. Opplæringa er fri for dei som høyrer heime i kommunen. Av andre kan kommunen taka skulepengar; dei må ikkje vera høgare enn det nettoutlegget kommunen har i medeltal for kvar som går på skulen. Dei som har gått ein framhaldsskule før, kan få vera med i opplæringa i einskilde læreemne saman med dei som tek full opplæring, når det er plass og elles høve til det. § 10. Dei som har gått framhaldsskulen, skal få vitnemål. Blir det meste av skuletida nytta til teoretisk opplæring, kan skulestyret fastsetja at det skal vera skriftleg avgangsprøve i norsk, rekning og bokføring. § 11. Tilsynsnemnda for skulen saman med formannen i skulestyret kan visa bort frå skulen elevar som har skadeleg innverknad på dei andre skuleungdomane, anten med låk åtferd eller. på. annan måte.
Skann 8 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 6». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/8/