SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 8 skann 10

8 § 17. Kommunen syter for fritt skuletarvende til dei som går i framhaldsskulen, i same mon som fastsett for folkeskulen (§ 10, 6 i landsskulelova, § 10, 5 i byskulelova). Men kommunen kan fastset ja at elevane sjølve skal bera dei utgiftene til vyrke for handarbeidsopplæringa som går ut over kr. 10 for kvar i eitt kurs. Kapitel 3. Utgiftene § 18. Rikskassa, kommunekassa og for bygdene dessutan fylkeskassa skal bera utgiftene til framhaldsskulen. Rikstilskott skal svarast til framhaldsskulekurs med opp til 2 592 skuletimar i året. I serskilde høve kan overstyret gje rikstilskott til eit større timetal i året. Vilkår for rikstilskott til ein framhaldsskuleklasse er at minst 1 0 elevar er med i heile opplæringa i klassen. Overstyret kan gjera unnatak frå dette vilkåret for eit einskilt år når medeltalet for dette og dei to siste åra er minst 10. Men ein framhaldsskuleklasse med mindre enn 8 elevar kan ikkje få tilskott. Til framhaldsskular, i landkommunar yter staten : a) riks- og alderstillegg som fastsett for storskulepostar i folkeskulen, b) 75 pst. av den grunnløna (vekeløna) som Stortinget fastset, c) 75 pst. av utgiftene til lys, brennefang og reinhald, men ikkje over ein høgstesum for kvar skuleveke, som departementet fastset, d) 50 pst. av utgiftene til skuletarvende til sams bruk etter minstekrav som departementet set opp for framhaldsskulen, e) 50 pst. av dei utgiftene som kommunen har til skyss og innhysing, med opp til 75 øre for kvar som får tilskott etter § 12, andre leden, f) i tilskott til fritt skuletarvende (§ 17) kr. 5 for kurset for kvar som er med i heile opplæringa, g) 25 pst. av den utgift kommunen har til løn åt skuletannlækjaren. Til framhaldsskular i landkommunane yter fylket tilskott etter § 39, 2 a i skulelova til bygging (ombygging) o. a. av skulehus, når byggjearbeidet blir gjort i samband med hus for folkeskulen. Blir det bygt hus serskilt for framhaldsskulen, skal fylkestinget avgjera om fylket skal gje tilskott og kor stort det då skal vera. Til framhaldsskular i byane yter staten: a) til grunnløn 30 pst. av dei lønssatsane som Stortinget -fastset, b) 30 pst. av timelærarløna, c) 75 pst. av alderstillegga til lærarane i samsvar med § 22, d) i tilskott til fritt skuletarvende kr. 5 for kurset for kvar som er med i heile opplæringa, e) 12J/2 pst. av den utgift kommunen har til løn åt skuletannlækjaren. Til framhaldsskular som by- og landkommunar har skipa i lag fastset departementet kva reglar tilskottet for kvar kommune skal reknast etter. Alle andre utgifter til framhaldsskulen ber kommunen åleme.
Skann 10 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 8». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/10/