SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 5 skann 7

Lov om framhaldsskular. av 8 november 1946 at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget av 16 oktober 1946 som lyder så: Kapitel /. Føremål og skipnad. § 1 . Framhaldsskulen har til føremål å fremja ålmenndaninga og karaktervoksteren hos elevane, førebu dei til livsgjerninga og arbeida for å gjera dei til dugande menneske både åndeleg og kroppsleg. Skulen skal byggja på det grunnlaget som er lagt i folkeskulen, og opplæringa blir skipa med serleg tanke på ungdom under 1 7 år. § 2. Framhaldsskulen skal ver a: a) vanleg dagskule, med opp til 36 skuletimar for veka, (i praktiske kurs opp til 48 skuletimar for veka) eller b) dag- eller kveldskurs, med skule i visse timar om dagen eller om kvelden. Kvart framhaldsskulekurs skal vera på minst 432 skuletimar og ikkje over 1254 timar. Med samtykke frå overstyret kan timetalet likevel setjast ned så langt som til 360 skuletimar. Dagskulen kan vera 2-årig, såleis at andre årskurset byggjer på det første. Kurs med skule i visse timar om dagen eller om kvelden kan vara opp til 3 år, når overstyret gjev serskilt samtykke til det. Opplæringa skal i regelen ikkje vara ut over kl. 20, og aldri ut over kl. 21. § 3. Opplæringa skal byggjast mest mogeleg på det arbeidslivet som elevane er med i eller har sett sjølve. Den røynsle dei har, bør nyttast ut mest råd er. Elles skal framhaldsskulen byggja på den kunnskapen og den tamen som elevane fekk i folkeskulen, og ikkje ta opp att i utrengsmål det som er gjennomgått før. § 4. I framhaldsskular med ei opplæringstid på 648 timar eller meir skal ein nytta minst ein fjerdepart, men ikkje over tre fjerdepartar av timetalet til arbeidsopplæring. Skular med stuttare opplæringstid enn 648 timar kan gje anten teoretisk opplæring eller arbeidsopplæring. § 5. I framhaldsskular med ei opplæringstid på 648 timar eller meir skal elevane få opplæring i desse emne (pliktige læreemne) : Praktisk arbeid VI HAAKON, Noregs Konge, gjer kunnigt:
Skann 7 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 5». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/7/