SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 64 skann 66

64 §21. 1 . leden. For lærartilsetjing er det vist til reglane i folkeskulelovene. Her er den skilnaden at ein ikkje treng leggja saker om lærartilsetjing i framhaldsskulen på landet fram for krinstilsynsnemnda. Men der det er framhaldsskule for berre ein krins, og krinstilsynsnemnda for folkeskulen og er tilsynsnemnd for framhaldsskulen, kan det vera tenleg å leggja slike saker fram for denne tilsynsnemnda. Ei bør og merkja seg at framhaldsskulelova har fastsett at overtilsynet skal godkjenna tilsetjing av hjelpelærarar, timelærarar, konstituerte lærarar og vikarar i framhaldsskulen. Dette må og gjelda om slike lærarar har arbeid både i folke- og framhaldsskulen. 2. leden. I framhaldsskulen blir det ikkje tale om fast tilsetjing, men berre på oppseiing. Dette heng saman med at framhaldsskulen er friviljug. 3. leden. Det er gjevi føresegn om suspensjon av ein lærar som gjer seg saka i grov misferd, men det er ikkje, slik som i folkeskulen, teki med reglar om avskil. Grunnen til det er at lærarane i framhaldsskulen ikkje er tilsette fast, men på oppseiing, så det er ikkje så påkravt med slike reglar her. 4. leden. Her er gjevi reglar om styrar av ein framhaldsskule. Ein kan merkja seg, at lova ikkje har gjevi føresegner om nedsett lesetid for styrarar. Men ein viser her til lønsregulativet for lærarar i framhaldsskulen. §22. 1. leden. Stortinget har den 20. juni 1947 vedteki lønsregulativ for lærarar i framhaldsskulen. I dette lønsregulativet er teki med dei lønene som det blir gjevi rikstilskot til. Om kommunane fastset høgre løner, vil det ikkje bli gjevi rikstilskot til meir enn det regulativet fastset, bortsett frå løn til timelærarar i framhaldsskular i byane. Attåt dette får lærarane for tida kriseog reguleringstillegg. Ved fastsetjinga av lønssatsane er det teki omsyn til at postane i framhaldsskulen er meir utrygge, og at det her gjeld opplæring for elevar som er gått ut or folkeskulen. Framhaldsskulen treng difor gode lærarkrefter, om han skal fylla oppgåva si. Ein vil her merka at det blir gjevi rikstilskot til løn for heil post for styrar av framhaldsskulen, jamvel om han har nedsett lesetid av omsyn til styrararbeidet. Men vilkåret er då at overtilsynet har godkjent nedsetjinga. Lønsregulativet fylgjer som vedlegg til dette rundskrivet. 2. leden. Framhaldsskulelærarar i bygdene kan ikkje få rikstillegget, dersom dei ikkje har lærarprøve eller ei utdaning som overstyret har godkjent. Dersom det ikkje går fram av dei krav som overstyret har fastsett etter § 20, 1. leden, at læraren har ei utdaning som gjev han rett til rikstillegg, må saka leggjast fram for departementet. 4. leden. Tenestetid som trengst til å få alderstillegg, skal vera så lang som til kvar tid er fastsett for lærarar i folkeskulen. 5. leden. Har ein lærar som har arbeid både i folkeskulen og framhaldsskulen, t. d. 20 timar i byfolkeskulen og 1 0 timar i framhalsskulen for heile skuleåret, får han løn for dei 20 timane etter regulativet for folkeskulen
Skann 66 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/66/