SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 65 skann 67

65 og for dei 1 0 timane etter regulativet for framhaldsskulen. Dette gjeld grunnløna. I landsskulen bør timane i folkeskulen reknast om i veker på 36 eller 30 timar, og han får då løn for så mange veker etter regulativet for folkeskulen som han har hatt i denne skulen. Alderstillegga blir både på landet og i byane bytt likt med ein halvpart på kvar skule, utan omsyn til kor mange timar han har i kvar av dei to skuleslaga. Det same gjeld rikstillegget i landsskulen. Det er staten som ber alt til alderstillegga og rikstillegget både til folkeskulen og framhaldsskulen på landet. Det blir og gjevi tilskot etter same prosentsats til alderstillegg for lærarane både i framhaldsskulen og i folkeskulen i byane. Det har difor ikkje noko å seia økonomisk sett korleis «in byter alderstillegga på dei to skuleslaga. 7. leden. Kommunestyret skal fastsetja løna til timelærarar, konstituerte lærarar og vikarar i samsvar med reglane som gjeld om slikt i folkeskulelovene. Det er her berre å merka at i framhaldsskulen på landet får ein til desse lønene berre rikstilskot til den løna som er fastsett av Stortinget. 8. leden. Om utbetaling av løn og anna vil departementet seinare senda ut rundskriv. §23. Her er berre å merka at det er skulestyret som vel lærebøker av dei som er godkjende til bruk i framhaldsskulen, men skuledirektøren skal fyrst få seia meininga si. Elevane kan sjølv velja om dei vil nytta nynorsk eller bokmål i skriftleg arbeid. Dei kan og fritt velja kva mål dei vil ha lærebøkene sine på når det finst utgåver på båe mål av dei lærebøkene som er innførde. Dei kan sjølvsagt ikkje fritt velja andre lærebøker enn dei som er innførde, jamvel om dei ikkje finst på den målforma dei ynskjer. §25. Alt om framhaldskulen i folkeskulelovene for landet og for kjøpstadene frå 26 juli 1889 med tilleggslover fell bort frå 1 juli 1947. Sameleis dei føresegnene som er nemnde i lov om framhaldsskular § 25, 2. leden, 2. Frå 1 juli d. å. lyt alle framhaldskulane vera skipa i samsvar med reglane i den nye framhaldskulelova. Ein kan ikkje då lenger halda framhalds og arbeidsskular i gang etter dei gamle føresegnene. Kommunane må difor straks bu seg på dei turvande brigde. Framhaldsskulen bør då bli skipa så godt og få slike arbeidsvilkår at skulen kan fylla det sjølvstendige og sermerkte romet han er tiltenkt i skuleverket.
Skann 67 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/67/