SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 63 skann 65

63 eller t. d. slik at byen får tilskot til sine utgifter etter reglane for framhaldsskular i byane, og landkommunen etter reglane for bygdene. Kapitel 4. Lærarane. § 19. 1 . leden. For at em lærarpost i framhaldsskulen skal kunna bli rekna som heil lærarpost, må han vera på minst 24 veker og 720 timar. Minstepost i framhaldskulen er difor 24 veker å 30 timar. Men posten kan og til dømes vera på 30 veker å 24 timar. Ein har funni det rimeleg at heil post ikkje berre har eit minimumstimetal i alt, men at han og bør vara minst 2 4 veker, jamvel om timetalet er over 30 timar om veka. 2. leden. Lærarpostane i framhaldsskulen kan og vera knytte saman med arbeid i folkeskulen eller ein annan skule med vanleg rikstilskot. For kombinasjon med andre skular enn folkeskulen gjeld difor det vilkåret at skulen har vanleg rikstilskot. Gjeld det t. d. ein høgre ålmennskule, er det ikkje nok at skulen har eit tilskot som blir fastsett som ein viss sum kvart år av serløyving. Summen av brøkane av skuletid i kvar skule må vera minst lik 1. Har læraren t. d. halv post i folkeskulen (storskule) på 30 veker å 36 timar og halv post i framhaldsskulen, må timetalet vera minst 540 -f- 360 = 900 timar i alt. Er den halve posten i småskulen med 30 veker å 30 timer, må minstetaler i alt vera 450 -f- 360 = 810 timar. 3. leden. Postar med mindre opplæringstid enn det som er nemnt ovanfor i denne paragrafen blir rekna som timelærarpostar. §20. 1 . leden. Overstyret skal fastsetja dei krava som skal gjelda når lærarar blir tilsette i dei ymse postane i framhaldsskulen. Overstyret vil seinare i samband med utsending av time- og leseplanar fastsetja dei krava som bør gjelda. Men ein vil alt nå peika på dette: I dei lengre framhaldsskulekursa skal det vera både teoretisk og praktisk arbeidsopplæring. Lærarspørsmålet kan difor bli vanskeleg. Ein må setja like store faglege krav til den praktiske som til den teoretiske opplæringa. I boklege fag vil lærareksamen til vanleg fylla krava, men skal same læraren og ha arbeidsopplæringa, t. d. i handverk eller jordbruskfag, rekk ikkje denne utdaninga til. God serutdaning i dette faget må han difor ha. Til arbeidsopplæring kan ein nytta dugande fagfolk, men føresetnaden lyt då vera, at dei kan gje den teoretiske opplæringa som faget krev, og at dei har pedagogisk innsikt til å undervisa for elevar det her gjeld. Ein vil her peika på at ein har nokre skular som gjev ei opplæring i ymse fag som framhaldsskulen kan få nytte av. Ein har Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk for husstell, Statens kvinnelege industriskole i Oslo for kvinneleg handarbeid og Statens sløyd- og teiknelærarskule på Notodden for teikning og sløyd. :
Skann 65 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/65/