SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 62 skann 64

62 er vilkåret at minstetalet i klassa ikkje er under 8. Det er difor sett større krav til elevtalet for å kunna gjera unnatak enn ein har hatt før. Finst det kommunar som har så lite elevtal at dei ikkje kan få minst 10 elevar i ei framhaldsskuleklasse, bør dei søkja ordna seg med sams framhaldsskule med grannekommunane . 3. leden. Her er fastsett reglane for rikstilskot til framhaldsskular i landkommunane. Etter bokstav a skal staten heilt bera utgiftene til riks- og alderstillegg slik som for lærarane i folkeskulen. Når det gjeld grunnløna, skal staten bera 75 % av den minstegrunnløna som Stortinget fastset. Det blir her ikkje tale om auka prosentsats for einskilde kommunar. Om ein kommune betalar høgre løn, anten det gjeld alderstillegg, grunnløn eller på annan måte enn det som er fastsett av Stortinget, må kommunen sjølv bera resten. Staten skal og bera 75 % av utgiftene til lys, varme og reinhald. For at tilskotet til etter måten like skular ikkje skal bli altfor ulikt og til kontroll, skal overstyret fastsetja ei høgstegrense for tilskot for kvar skuleveke. Departementet skal altså fastsetja høgstesummen som det blir ytt tilskot til. Det blir berre ytt tilskot til utgifter til lys, varme og reinhald til sjølve skuleroma, ikkje til lærarbustad eller til internatrom åt elevane. Det blir ytt rikstilskot til skuletarvende til sams bruk etter minstekrav som overstyret set opp for framhaldsskulen. Overstyret vil seinare setja opp slike minstekrav og fastsetja høgstesummen etter bokstav c. Med omsyn til tilskot til fritt skuletarvende viser ein til det som er sagt under § 17. 4. leden. Lova har fastsett at når husrom for framhaldsskulen blir bygt saman med hus for folkeskulen, skal kommunen ha krav på tilskot til hus o. a. for framhaldsskulen av fylket etter § 39, 2 a i lova om folkeskulen for landet. Kommunen får altså tilskot til dei utgiftene som er nemnde under § 39, 2 a i landsfolkeskulelova. Maksimumsgrensa for fylkestilskotet blir ikkje auka om ein byggjer framhaldsskule saman med folkeskulen. Men fylket har her — som når det gjeld skulehus, bygt serskilt for framhaldsskulen — høve til å gje meir tilskot. Det er då fylkestinget som avgjer det. 5. leden. Til lærarløner i framhaldsskular i byane yter staten tilskot etter same prosentsats som til folkeskulen, men det er ikkje høve til å gje auka rikstilskot til grunnløna slik som i folkeskulen. Det blir gjevi tilskot til den timelærarløna byen nyttar for timelærarar i framhaldsskulen. 6. leden. Det har synt seg at by- og landkommunar som vil skipa framhaldsskule saman, ofte møter vanskar i tilskotsreglane. Det er ikkje same reglar for tilskot til by- og landkommunar. Det er difor her teki inn ei føresegn i lova om at departementet kan avgjera kva reglar kvar kommune skal få tilskot etter. Det er i slike høve departementet som må avgjera dette spørsmålet. Ligg ein slik sams framhaldsskule i byen, kan det tenkjast at båe kommunar kan få tilskot t. d. etter byskulereglane eller landsskulereglane
Skann 64 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/64/