SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 61 skann 63

61 framhaldsskulen, men ein gjer merksam på føresegna i § 18 om at fylket skal yta tilskot til slike husrom, når dei blir bygde saman med hus for folkeskulen. Ein har tidlegare gjort merksam på at det ofte vil høva å byggja saman med folkeskulen, så ein kan nytta same spesialroma. § 17. Kommunen syter for og kostar fritt skuletarvende til elevane i framhaldsskulen i same mon som fastsett for folkeskulen. Men kommunen har høve til å påleggja elevane å bera dei utgiftene til vyrke for handarbeidsopplæringa som overstig kr. 1 0 for kvar elev i eit kurs. Til dei utgiftene kommunen har til dette, yter staten tilskot etter reglane i § 1 8. Det som går inn under fritt skuletarvende er nemnt i lov om folkeskulen på landet § 10, 6 og i byane i§ 10, 5. Kapitel 3. Utgiftene § 18 2. leden. Riket lyt ta på seg mykje av utgiftene til framhaldsskulen. Det er difor naturleg å setja ei høgstegrense for kor mykje skule riket skal yta tilskot til i kvar kommune. Denne grensa er sett til 2 592 skuletimar i året. Denne grensa gjeld nå både for by- og landkommunar. 2 592 skuletimar svarar til 3 kurs på 24 veker å 36 timar. Ein kommune vil såleis t. d. få tilskot til eitt kurs med opptil % av tida til teoretiske fag, eitt med mest arbeidsopplæring for gjenter og eitt liknande for gutar. Kursa kan og vera stuttare. Ein har då høve til å få tilskot til fleire kurs. Talet 2 592 gjeld lengda for kursa samanlagt. Dersom ein lyt dela klassa i gutar og gjenter i einskilde fag, t. d. i kroppsøving, husstell og arbeidsfag, kan ein få tilskot til eit større tal lønstimar for lærarane. Den grensa som er sett, gjeld berre rikstilskotet, men kommunane har fullt høve til å setja i gang framhaldsskular ut over denne grensa. Kommunane lyt då sjølv bera utgiftene til dei kursa som overstig det timetalet som her er sett, utan rikstilskot. Timetalet 2 592 gjeld både for kommunar med friviljug framhaldsskule og kommunar som har sett i gang pliktig framhaldsskule. Men lova har gjevi departementet høve til i serskilde høve å yta rikstilskot til eit høgre timetal. Dette vil bli turvande i større kommunar, og det er ikkje tanken med den grensa som er sett å setja desse kommunane i ei verre stode enn etter dei reglane som galt før. Det er og sett som vilkår for rikstilskot at ei framhaldsskuleklasse må ha minst 1 0 elevar, som er med i heile opplæringa. Elevar som er med berre i einskilde fag, kan ikkje reknast med i dette talet. Det vil nå som før bli gjevi tilskot til eit kurs som har fullt elevtal når kurset byrjar, jamvel om det seinare i kurset skulle falla frå elevar så talet kjem under 10, når ein ikkje kunne rekna med dette då kurset tok til. Overstyret kan og gjera unnatak frå vilkåret om elevtalet for eit einskilt år, men vilkåret er då at medeltalet dei to siste åra er minst 1 0. Likeins
Skann 63 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 61». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/63/