SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 60 skann 62

60 småbyar og tilgrensande landkommunar. I denne samanheng gjer ein merksam på føresegna i § 18, 6. leden, om at departementet kan fastsetja kva reglar rikstilskotet skal reknast etter. 2. leden. Elevar som har minst 6 km landveg eller minst 1 km sjøveg til skulen, har rett til å få tilskot av kommunen til innhysings- eller skyssutgiftene. Etter § 18, 3. leden, bokstav e, får landkommunane rikstilskot til desse utgiftene. § 13. 1 . leden. Her er det gjevi føresegn om at ein kommune etter framlegg frå skulestyret kan fastsetja at alle ungdomar i kommunen skal gå ein framhaldsskule det fyrste året etter dei sluttar i folkeskulen, når dei ikkje får anna høgre utdaning. Kommunane har altså høve til å gjera framhaldsskulen obligatorisk for desse ungdomane. Dette gjeld nå både for by- og landkommunar. Det er i dette høve verdt å merkja seg, at det ikkje er sett noka maksimumsgrense for den samla opplæringstid i folke- og framhaldsskulen til saman, slik som før for pliktig framhaldsskule etter landsfolkeskulelova § 5, 4. leden. Denne føresegna i lova om folkeskulen på landet går nå ut. Pliktig framhaldsskule kan ein difor heretter berre skipa etter føresegnene i lova om framhaldsskular. 12. leden er fastsett kor lang opplæringstid ein pliktig framhaldsskule skal ha i bygdene og i byane. 4. leden. Herad som har fått løyve til å skipa folkeskulen sin etter by skulelova, kan og skipa framhaldsskulen sin som byane. Men rikstilskot får heradet til ein slik skule etter føresegnene om rikstilskot til framhaldsskular i landkommunane. § 15 ' 1 . leden. Det er ikkje alle stader turvande åha serskild tilsynsnemnd for framhaldsskulen. I byar der skulen har same lærarane og same husroma som folkeskulen, og der framhaldsskulen er skipa som eit 8. skuleår, kan det høva å nytta same organ som folkeskulen til dei gjeremåla som ei serskild tilsynsnemnd skal ha. Men i bygdene og i einskilde byar vil det vera bruk for ei serskild tilsynsnemnd. Føresegna i denne leden er difor forma slik at skulestyret kan velja ei nemnd til å føra tilsyn med framhaldsskulen. For skule som flytter frå krins til krins år om anna, vil det og ofte høva at tilsynsnemnda er frå krinsen. Skulestyret skal og fastsetja nærare reglar for gjeremåla til nemnda. Reglane bør ein ta inn i skuleplanen. Mellom dei gjeremåla som det vil vera naturleg å leggja til nemnda er, for utan tilsyn med skulen, å gje tilråding til skulestyret om lærartilsetjing. Etter samråd med lærarpersonalet bør ho koma med framlegg for skulestyret om opplæringsplan, reglement, lærebøker og budsjett. § 16. 1 . leden. Skulestyret syter for at framhaldsskulen får fullt tenlege arbeidsrom og utstyr. Det er kommunen som ber utgiftene til husrom for
Skann 62 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/62/