SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 59 skann 61

59 bli tale om å ta skulepengar av dei elevane som er frå dei andre kommunar enn der skulen ligg og som er med på avtalen. 2. leden. For al ein elev skal få vera med i opplæringa i eit einskilt fag, er det sett som vilkår at han tidlegare har gått ein framhaldsskule. Men det er ikkje sett noko skilje mellom dei einskilde kursa her. § 10. Framhaldsskulen skal ikkje vera nokon eksamensskule. Føresegnene i denne paragrafen har difor fått den forma dei har. Berre i kurs med det meste av tida nytta til teoretisk opplæring er det høve til skriftleg prøve i norsk, rekning og bokføring. Minst halvparten av tida må altså vera nytta til teoretisk opplæring om det i det heile kan bli tale om prøve i noko fag. Det skal ikkje vera munnlege prøver. Arbeid som er utført i praktiske fag, legg ein fram på den festen som skulen bør halda når skuleåret er slutt. § 11. Det er høve til å visa bort ein elev som har skadeleg innverknad på dei andre elevane, anten med låk åtferd eller på annen måte. Men dette er ei så viktig avgjerd for eleven, at læraren ikkje kan gjera det åleme. Det er tilsynsnemnda for skulen og formannen i skulestyret som skal ta avgjerda. Der det ikkje er tilsynsnemnd, er det skulestyret som har avgjerdsla. Slikt vedtak må skuledirektøren godkjenna. Før vedtak blir gjort, må ein få inn fråsegn frå læraren eller styraren av skulen. Kapitel 2. Skoleskipnad og styring. § 12. 1 . leden. Ein kommune har høve til å skipa ein eller fleire framhaldsskular. Når ein kommune skal avgjera om han skal samla elevane i ein skule med kanskje fleire klassar eller skipa fleire skular, er det ymse omsyn å ta. I den fyrste tida blir det kanskje avgjerande korleis ein er utstyrd med husrom. Men når ein skal byggja for framhaldsskulen, bør ein leggja ein plan, slik at ein får den mest rasjonelle løysinga. Dersom ein samlar flest mogeleg elevar på ein stad, kanskje i fleire klassar, kan ein få nytta ut både husrom, utstyr og lærarkrefter betre. Ein kan då få eit betre timebyte på lærarane, slik at ein kan få større nytte av dei serlege kvalifikasjonane kvar einskild lærar har. Det kan og bli greiare å skipa lærarpostane for teoretisk og praktisk opplæring. Men det er då den vansken at det på bygdene ofte vil bli fleire elevar som anten lyt ha skyss eller lyt innhysast. Om to eller fleire kommunar skipar framhaldsskule i lag, bør ein få sett opp ein klår og grei avtale om både skipinga og styringa av skulen og om den økonomiske sida. Det vil ofte høve godt for to eller fleire grannekommunar å gå saman om denne oppgåva. Serleg vil det vera tilfelle for
Skann 61 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 59». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/61/