SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 58 skann 60

58 a) Teoretiske fag: Norsk 5 timar 5 » Rekning med bokføring Samfunnslære 2 » 2 » Helselære 14 timar b) Andre teoretiske fag (engelsk, vanlege folkeskule' fag) eller arbeidsfag 7 » c) Arbeidsfag: Handarbeid, sløyd, husstell, jordbruksfag, handverksfag o. 1. 12 » 3 » d) Nøytrale fag: Gymnastikk og song Til saman 36 timar Som ein ser, har ein her teke ein tredjedel av timetalet til arbeidsfag (c) . Vil ein leggja hovudvekta på arbeidsopplæringa, kan ein føra timane frå gruppe b (andre teoretiske fag) over til gruppe c (arbeidsfag). Ein får då 14 timar teoretiske fag 19 timar arbeidsfag og 3 timar nøytrale. Vil ein leggja endå sterkare vekt på arbeidsopplæringa, kan ein føra timar over frå gruppe d (nøytrale fag) og gruppe a (teoretiske fag), men likevel slik at ein held oppe dei krava som lova set med omsyn til fagkrins og timetal for desse gruppene. Overstyret finn grunn til å streka under at den nye framhaldsskulen er ein ny, sermerkt og sjølvstendig skule, og dette må ein ha for auga når ein legg opp fagkrinsen. Ein vil difor åtvara mot å taka med *or mange fag, anten hovudvekta blir lagd på dei teoretiske faga eller på arbeidsfaga. §8. 2. leden. Det er ynskjande at ungdom med små evner eller som av andre grunnar ikkje kan vera med i opplæringa i vanleg framhaldsskule, kan få noko meir opplæring enn den dei kan få i folkeskulen. Det er difor teki inn i lova ei føresegn om at kommunane kan skipa serskild framhaldsskule for slike born. Slike framhaldsskular vil då få rikstilskot som til ein vanleg framhaldsskule. Men det seier seg sjølv at det berre er dei største by- og landkommunane som har så mange ungdomar av det slaget, at det kan bli spørsmål om slike serskilde framhaldsskular for dei. §9. 1 . leden. Opplæringa er fri for dei elevane som høyrer heime i kommunen. Det er såleis ikkje høve til å ta skulepengar av desse elevane, eller på annan måte å føra utgiftene til skulen over på elevane eller forsytarane deira. Av andre elevar kan kommunen ta skulepengar, men desse skal då ikkje vera større enn nettoutgiftene kommunen har i medeltal for kvar elev. Når to eller fleire kommunar skipar framhaldsskule i lag, kan det heller ikkje
Skann 60 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/60/