SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 57 skann 59

57 Når det er teki med ei slik føresegn, er grunnen fyrst og fremst den, at når den nye lova tek til å gjelda kan ein ikkje ha arbeidsskular lenger, slik ein har hatt før på bygdene. Før kommunane kan få områ seg, kan det bli vanskeleg sume stader med ein gong å få setja i gang framhaldsskular med både teoretisk og praktisk opplæring. Det kan og bli vanskeleg sume stader å firma høvelege lærarkrefter både til teoretisk opplæring og til arbeidsopplæring. Men det er føresetnaden at der det er råd, set kommunane i gang framhaldsskular med så lang opplæringstid at ein kan få med både praktisk og teoretisk opplæring. § 5-1. —3. leden. Her er opprekna dei læreemne som skal ver a plik- tige i framhaldskulen. Av andre fag eller læreemne kan kommunane velja meir fritt. I 3. leden er det sagt at ein og kan ha andre læreemne frå opplæringa i folkeskulen. Dette gjeld sjølvsagt dei teoretiske faga. Når det gjeld arbeidsopplæringa, kan ein og ta emne som ikkje er med i folkeskuleoppæringa. Sjå § 6 i lova. 4. leden. Overstyret vil sterkt tilrå at ein freistar å få med noko praktisk arbeid i dei teoretiske kursa og. Likeins bør ein få med noko teoretisk rettleiing til arbeidsopplæringa i dei praktiske kursa, der det er råd. 5. leden. Av di kroppsøving er pliktig fag i dagskulen, bør ein leggja framhaldsskulane der det er høve til å ha kroppsøving innandørs, om det let seg gjera. 6. leden. Husstellopplæring blir nå pliktig i alle framhaldsskular med minst 4 gjenter utanom dei teoretiske kursa og andre kurs med mindre enn 648 opplæringstimar i året, og med mindre enn ein fjerdepart av opplæringa i arbeidsfag. Av di det er sett ein frist på 5 år for gjennomføring av dette påbodet, vil ikkje det vera til hinder for å setja skulane i verk med ein gong. Men kommunane må straks bu seg på å gjennomføra det så snart som råd er, og seinast innan 5 år. Kommunane lyt difor rå seg til høvelege skulekjøken til denne opplæringa, om dei ikkje har det før. 7 . leden. Det er skulestyret som kan fastset ja skuleplanen, med godkjenning av overtilsynet (skuledirektøren). Til førebels rettleiing — som nemnt under § 4 her — har departementet sett opp ein grunnplan for ein skule med over 648 timar, dvs. ein 1-årig skule som skal nytta minst fjerdeparten av timetalet til praktiske fag. Denne grunnplanen ser slik ut:
Skann 59 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/59/