SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 56 skann 58

56 av timetalet til arbeidsopplæring. Dette er ei viktig føresegn som bryt med den skipnaden skulane hadde før. Heretter blir det ikkje høve til å ha reine teoretiske framhaldsskular med høgre timetal ; 648 timar svarar til 18 veker å 36 timar. Heller ikkje blir det høve til å setja i gang arbeidsskular eller framhaldsskular med berre praktisk opplæring med større timetal enn nemnt ovanfor. Her er det gjevi ei vid ramme for kor mykje ein kan ta med av praktiske fag eller ikkje. Det skulle difor bli godt høve for kommunane til å skipa framhaldsskular som høvfcr for arbeidslivet på vedkomande stad, og gje ungdomen eit godt grunnlag for vidare opplæring i praktisk arbeid. Framhaldsskulen bør bli ein motvekt mot den einsidige suginga til leseskular ein mange stader har hatt og har. Han bør og kunna skapa større vørnad for dei praktiske yrka og for praktisk arbeid i det heile. Når ein skal firma ut kva som er teoretiske fag og kva fag som er praktiske, melder det seg fleire tvilspørsmål. Men ein har her ei rettesnor i at lova ikkje set skilje mellom teoretiske fag og tamefag, slik som ofte er gjort for andre skular. Lova talar om teoretiske fag og arbeidsopplæring. Ein har her ein peikepinn. Ein skal gjera serleg merksam på at framhaldsskulen er em ny skuletype, som tek serleg omyn til det praktiske arbeidslivet, jamvel om han ikkje skal vera nokon fag- eller yrkesskule. Departementet meiner det er mykje viktig å skilja mellom reine teoretiske fag og arbeidsfag. Under teoretiske fag kjem fag som norsk, samfunnslære, helselære, rekning med bokføring, engelsk, geografi, soge, naturfag (fysikk, kjemi) og liknande. Under arbeidsfag kjem dei ulike yrkesfaga som er nemnde i § 6 i lova om handverk, industri, handel, husstell, jordbruk, skogbruk og fiske. Andre fag som ein korkje kan rekna for teoretiske fag eller arbeidsopplæring, kan ein kalla nøytrale fag i denne samanhengen. Her kjem fag som gymnastikk, song, skriving o. 1. Teikning bør reknast med mellom arbeidsfaga. Når ein skal avgjera om eit kurs har over eller under dei grensene som er sette i lova for arbeidsopplæring, reknar ein dei nøytrale faga saman med den gruppa som har høgste timetalet anten denne gruppa er av teoretiske fag eller arbeidsfag. Slike nøytrale fag, kan ein og ta med i dei teoretiske eller praktiske kursa som har under 648 timar. Kommunane står fritt når dei skal skipa fag- og timebytet, berre dei krava lova set blir fylgde. Men det har sjølvsagt mykje å seia for skulane å firma fram til eit høveleg fag- og timebyte. Departementet har difor sett i gang arbeidet med å få stilt opp nokre detaljerte time- og leseplanar for dei viktigaste gruppene av framhaldsskular. Dette arbeidet er ikkje ferdig endå, men ein vil senda dei ut til skulestyra seinare til rettleiing for dei som arbeider med desse spørsmåla. Overstyret har funni det rettast alt nå å senda ut melding til skulestyra ornat lova skal gjelda frå 1 juli 1947, og har til førebels rettleiing sett opp ein grunnplan som er nemnd under § 5, 6. leden. 2. leden. Her er det gjevi høve til kurs med berre teoretisk eller berre piaktisk opplæring, dersom kursa ikkje har så mykje som 648 skuletimar.
Skann 58 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/58/