SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 55 skann 57

55 over til andre skular. Departementet vil streka under at det er sers viktig at dei rike utviklingsåra etter folkeskulen blir nytta til å gje denne parten av ungdomen ei større kunnskapsmengd, og til å styrka dei både kroppsleg og i karaktervokster. Det er og serleg viktig at dei unge i desse åra får moralsk stønad og rettleiing. Mange av dei unge veit endå ikkje kva yrkesveg dei skal slå inn på. I denne tida er dei og for lite vaksne til å gå inn i arbeidslivet og gjera full nytte for seg. Tida bør difor nyttast til å gje dei ei opplæring i det praktiske arbeidet dei fleste vil gå inn i seinare. Framhaldsskulen skal som før høva for dei som vil gå inn i 4-årig landsgymnas, 2-årig realskule eller 4-årig lærarskule. Den kan og seinare bli grunnlag for opptaking i ulike yrkesskular. 2. leden. Det er ikkje meininga at ungdom over 1 7 år skal ver a utestengd frå framhaldsskulen. Slike elevar kan og gå framhaldsskulen om dei ynskjer det. Men som oftast vil opplæringa i ungdomsskulen høva betre for så gamle elevar. §2. 1 . leden. Framhaldsskulen kan anten vera vanleg dagskule eller' skipa som dag- eller kveldskurs med visse timar om dagen eller kvelden. Det er dermed gjevi ei vid ramme, så ein kan skipa framhaldsskular etter som det høver. Men til vanleg vil dagskule vera mest høyande. Så langt råd er, bør skulen bli halden om dagen. Ein vil ikkje få same gagnet av ein kveldskule, som ein lyt halda etter at arbeidsdagen er slutt. Timetalet som er sett opp for veka, er maksimumstimetalet, og det ligg ikkje i det noka oppmoding om å ha så høgt timetal. Departementet meiner tvert om, at 36 timar for veka i vanleg framhaldsskule er i høgste laget; men ein fann det naturleg å ha same høgstegrensa her som i folkeskulen.. 2. leden. Utan samtykke frå overstyret (departementet), kan ein ikkje setja i gang framhaldsskulekurs med stuttare opplæringstid enn 432 skuletimar. Det svarar til 1 2 veker å 36 timar. Overstyret kan heller ikkje samtykkja i mindre opplæringstid enn 360 timar for eitt framhaldsskulekurs. Nytten av opplæringa blir etter måten mindre i stutte kurs. Der det på nokon måte er råd, bør kursa bli lenger. I bygdene bør kursa bli på minst 24 veker. Grensa oppover er sett til 1254 skuletimar både for by og bygd. Det svarar til 38 veker å 33 timar. Det blir ikkje høve til å setja i gang lengre kurs. I landkommunane blir det truleg sjeldan tale om så lange kurs. 3. leden. Dagskulen kan vera 2-årig, slik at andre årskurset byggjer på det fyrste. Kvart årskurs blir då eit avslutta kurs, og elevane får vitnemål når det er fullført. Kvart av desse årskursa blir rekna som eit framhaldsskulekurs, og maksimumstimetal på 1254 timar gjeld for kvart av dei kursa. §4. 1 . leden. Her er fastsett at framhaldsskular med ei opplæringstid på 648 timar eller meir skal nytta mellom ein fjerdepart og tre fjerdepartar
Skann 57 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/57/