SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 54 skann 56

54 folkeskulen med husrom og utstyr, slik at han kan bli gjennomført i samsvar med lova, har ein funni det rettast å samla kreftene om å få utbygt folkeskulen. Ein måtte og setja ei så lang gjennomføringsfrist, at det ville vera lite gagn i å lovfesta pliktig framhaldsskule nå. Men den nye lova bør vera ei oppmoding til kommunane om å byggja ut framhaldsskulen, og ho kan bli ein vegbrøytar for den pliktige framhaldsskulen. Når kommunane nå skal planleggja og utstyra den friviljuge framhaldsskulen, bør dei vera merksame på at ein kan få ein pliktig framhaldsskule om ikkje så lenge. Det har tidlegare i fleire kommunar vaksi fram ein kombinasjon av framhalds- og realskule. Som oftast er det realskulen ein har hatt mest i tankar ved denne kombinasjonen, og ein har gått vegen om framhaldsskulen for å få rikstilskot til skulen. Framhaldsskulen er og på denne måten nytta til å dra endå fleire ungdomar inn på leseskulevegen, og det er mot føresetnaden å gjera framhaldsskulen til ein realskule. Som realskule held ofte desse skulane ikkje mål, med di korkje husvære, utstyr eller lærarkrefter svarar til føremålet. I innst. O. XIII for 1946 sa Kyrkje- og skulenemnda i Stortinget at dette var ei lite ynskjande utvikling. Departementet er samd i det, og etter at den nye lova blir sett i verk, må ein ikkje godkjenna slike skuleplanar. Dei skulane som før har drivi etter ein slik kombinert plan, lyt nå brigda planen, og dei og må då skipa skulane heilt ut i samsvar med framhaldsskulelova. Dei vil ikkje lenger få rikstilskot til framhaldsskule, om dei held fram med kombinasjonen med realskule. Med dette er det ikkje meininga å stengja vegen for bygdeungdomen til å nå fram til realskuleeksamen ; men ein må få reist dei realskulane bygdene treng, og dei må bli utstyrde slik at dei svarar til føremålet. Både den 2-årige framhalds- og realskulen og den reine 2-årige framhaldskulen lyt få halda fram det siste året med den elevflokken som har gått eitt år då den nye lova tek til å gjelda. Men ein bør og i planen for dette året få inn så mange timar av dei praktiske faga at det fyller krava i den nye lova. Dette skulle truleg la seg gjera. Elles vil departementet koma med desse merknadene til dei ymse paragrafane i lova: Kapitel I . Føremål og skipnad. § I- 1 . leden. I paragraf 1 er føremålet med skulen fastsett. Skulen skal fremja ålmenndaninga og karaktervoksteren hjå elevane, førebu dei til livsgjerninga og arbeida for å gjera dei til dugande menneske både åndeleg og kroppsleg. Med dette er det sagt at framhaldsskulen skal vera lmenndanande og ikkje nokon fagskule. Framhaldsskulen skal fyrst og fremst gje ei opplæring ut over den folkeskulen gjev den parten av ungdomen som etter fullførd folkeskule ikkje går
Skann 56 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 54». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/56/