SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 53 skann 55

Rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet til skuledirektørane og skulestyra. Jnr. 2580 L 1947. Oslo. 25. juni 1947. Då ein fekk dei nye folkeskulelovene frå 1936 var det føresetnaden at departementet skulle leggja fram for Stortinget framlegg til ny lov om framhaldsskular. I folkeskulelovene vart difor dei fleste føresegnene om framhalds og arbeidsskular tekne ut. Men i siste paragrafen i båe lovene var det sagt at til ny lov om framhaldsskulane vart vedteken, skulle staten bera utgiftene til framhaldsskulane i byane etter den gamle folkeskulelova, og at staten skulle bera dei utgiftene som framhalds- og arbeidsskulane i bygdene før fekk dekt av fylkesskulekassa. I 1939 vart det sett fram proposisjon til ny lov om framhaldsskular, og saka var føre i Odelstinget den 8 april 1 940. Men for skuld hendingane då, måtte saka utsetjast. I 1946 vart det sett fram ny proposisjon, mykje godt i samsvar med proposisjonen frå 1 939. På det næraste i samhøve med proposisjonen vart vedteki ny lov om framhaldsskular. Lova vart sanksjonert ved kgl. res. den 8. nov. 1946. Eit eksemplar av lova fylgjer dette rundskrivet. Ved kgl. res. den 19 juni 1947 er fastsett at lova skal setjast i verk frå 1 juli 1947. Når framhaldsskulelova er sett i verk, lyt ein skipa framhaldsskulane både i by og bygd etter føresegnene i denne lova. Det blir ikkje lenger skilje mellom framhaldskular og arbeidsskular i bygdene. Reine arbeidsskular kan ein ikkje lenger halda fram med, men det blir høve til å halda reine praktiske framhaldsskulekurs med opp til 648 timar. Den nye lova byggjer på at det er ei friviljug sak om kommunane vil setja i gang framhaldsskular, og det er ei friviljug sak for ungdomane om dei vil gå framhaldsskulen. Men det er og teki inn føresegn om at kommunane kan setj\i i gang framhaldsskule med plikt for elevane å gå der, sjå lova §13. Under førebuinga av lova, var spørsmålet oppe om å gjera framhaldsskulen pliktig. Det har vori sterke ynske om å gjera denne skulen pliktig, men ein har ikkje våga å lovfesta dette nå. Ein er ikkje budd til å gjennomføra ein pliktig framhaldsskule endå. Ein vantar både lærarkrefter og husrom. I mange bygder vil det og bli turvande å hysa inn ein stor part av elevane i skuletida, og mange stader kan det bli turvande å byggja husrom til det. Ein er klår over at ein ikkje får den fulle nytten av tilleggsopplæringa til folkeskulen, før framhaldsskulen blir pliktig både for kommunane og elevane. Men så mykje som står att før ein har fått utbygt
Skann 55 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/55/