SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 33 skann 35

33 7. Teikning. Teikning skal vera ein led i det ålmenne oppsedingsarbeidet. Ein må leggja vekt på å fremja den skapande evna hjå elevane med ei opplæring som byggjer på det dei har lært i folkeskulen etter Normalplanen. Ein må leggja vinn på å fremja ans for form og fargar og den givnad elevane har til å få fram det dei vil, i form og farge. Teikneopplæringa kan vera: a) Fritt formande arbeid (skildrande teikning) med emne som elevane sjølve skal velja t. d. frå dagleglivet, frå heim, skule, arbeids- plass osb. b) Bunden teikning (modellteikning) med høvelege ting frå handverk, brukskunst og natur til modellar. c) Arbeidsteikning med oppøving i å gjera skissar og utkast og på den vegen vinna fram til ei velgjord arbeidsteikning. Opplæringa i teikning, sløyd og handarbeid bør gå hand i hand så elevane får høve til å Arbeida med form- og fargeløysingar. Oppøving i fargebruk får elevane med å laga fargeutkast til ting dei skal måla, pryda eller nytta i saum o. 1. Fargesamansetningane kan vera ting av keramikk, fajanse, tre, metall o. 1. eller med prøver av ty og vevnad med god fargeverknad. Skulen bør ha plansjar å sjå etter som gjev att norsk folkekunst. Elevane bør ha tilgjenge til gode illustrerte tidsskrift. Noko opplæring i å bruka prydskrift og i skriftbruk til prydverk bør elevane få. Gode prentesaker kan vera høveleg øvingstilfang. For gjentene bør teikneopplæringa i framhaldsskulen samla seg mest om kvinneleg handarbeid til å fremja ans for gode former og fargar i samanhang med det. Mest råd er, bør elevane få driva med å laga mønster o. 1. som dei nyttar til eigne arbeid så personleg svip og smak får koma fram. Arbeidsteikning lagar ein berre i samanheng med ting som elevane verkeleg skal laga. I yrkesmerkte klassar bør gutane læra fyrstegrunnane i konstruksjons- og projeksjonsteikning. Perspektivteikning kjem inn på det mogningssteget som høver best. Ein må vera merksam på at givnaden til å teikna er svært ulik hjå ulike elevar, ta omsyn til dette så ingen elev får ting å arbeida med som han ikkje vel maktar. Gåverike elevar bør få større oppgåver med rettleiing i komposisjon o. 1. Bustadforming er ei yrkesgrein som er vel lagleg gruppearbeid gjerne med både gutar og gjenter i gruppa. Dei lagar modellar av einskilde rom eller heile bustadhus med innreinad. 3
Skann 35 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/35/