SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 32 skann 34

32 For elevar som ikkje har hatt skulekjøkenopplæring, må opplæringa gå etter ein plan for næmingar. Landsgjenter har likevel til vanleg vore med i husarbeid heime, og bør difor koma noko lenger. Lærarinna i husstell bør og gje opplæringa i hagestel, kostlære og naturfag med helselære, for desse faga er til stønad og grunnlag for det praktiske arbeidet. Så langt det berre let seg gjera, bør gutane og få høve til å vera med i husstell. Så ulikt som det er med tilhøva og forkunnskapane hjå elevane på ulike stader, er det uråd å setja opp sams plan i stort og smått for heile landet. Dei må gjera opp ein plan kvar for seg. Men sams for alle må vera : å fremja skjønet på kva vel tillaga og vel samansett kost har å seia for folkehelsa, å halda på det som godt er i det nasjonale kosthaldet, nytta ut matemne som vert tilverka i distriktet, og læra elevane å halda reint og i godt stand alt som høyrer huset til. Elevane må få kunnskap om kva godt husstell har å seia økonomisk for den einskilde og for samfunnet. Den praktiske opplæringa bør gå ut på: a) Bruk og stell med komfyrar og andre apparat. b) Dei vanlege framgangsmåtane med å laga og lagra rratvarer. Det bør vera minst 2 leksjonar i frukoststell (som Oslo-frukosten), minst 1 leksjon i barnemat og minst 1 leksjon i sjukemat. Gjærbaking er viktig. Bordduking og servering. c) Å vaska kvitt ty, blåty, ullty, gardiner og fine ting. Rulling, stryking og vøling. Vaske- og reinskesaker. Å ta bort flekkar. d) Reingjering: dagleg-, veke- og stor-reingjering. Lufta ty, stell med husbunad og innreidnad også framfor fråvære i lang tid. Vaske- og pussesaker. Teoretisk opplæring: a) Kostlære, varekunnskap og innkjøp i samanheng med framsyninga. Elevane bør få setja opp matlister og rekna ut pris- og nænngsinnhald i maten, føra arbeidsbok. b) Hushald: Å gjera innkjøp med vet, føra hushaldsrekneskap, setja opp hushaldsbudsjett. c) Bustadhus: Om praktisk innreidde hus og arbeidsrom, høgd under taket, lys og luft, husbunad. d) Naturfag: I kjemi og fysikk bør opplæringa samla seg mest om alt som har verd for hustellet, slikt som luft, vatn, syrer, basar, salt, kolto, dei viktigaste metalla og korleis dei kjem til nytte i huset, nokre andre grunn-to, lysemne og såpe. Bruk av elektrisitet til koking og oppvarming, rasjonell utnytting av straumen, trygd mot farane. Ein tek med meir eller mindre alt etter lengda på kurset. 6. Husstell.
Skann 34 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/34/