SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 34 skann 36

34 JX. Kroppsøving. Føremålet er å fremja harmonisk kroppsvokster og styrkja hug og helse ved gymnastikk, leik og idrott. Så sant det er høve til det, skal øvingane vera i friluft. Øvingar til å fremja god kroppsføring (gymnastikk) bør det vera ei stund i kvar time. Elles kan dei driva med leik, ballspel av ulike slag eller idrott. Inneøvingar skal læraren måta etter tabellar, godkjende til skulebruk, og etter kjønn og alderssteg. Til kroppsøvingar skal elevane vera lagleg kledde (gymnastikk-bunad, badebukser), gutane helst med berr overkropp. Etter øvingane skal dei ta dusj om det er råd. Der det er høve til det, bør dei driva symjing og få noko øving i livberging. Eit par dagar i året kan gå til skiturar, fotturar, gjerne med orienteringsøvingar attåt, o. 1. D. Ymse føresegner. /. Høgstesum for rikstilskot til lys, varme og reinhald til framhaldsskular i bygdene. Sjå lova § 1 8, 3. leden bokstav c. Etter denne føresegna er rikstilskotet 75 % av utlegga til lys, varme og reinhald, likevel så at departementet skal fastsetja ein høgstesum som rikstilskotet kan reknast etter for kvar skuleveke. Tilskotet er til dei røynlege utgiftene kommunen har til lys, varme og reinhald i skuleroma til framhaldsskulen, men ikkje til lærarbustad og internatrom. Denne høgstesumen set departementet til kr. 44,00 for skuleveka til kvar klasse. Til dette svarar eit rikstilskot på kr. 33,00. //. Minstekrav til skuletarvende til sams bruk- Sjå lova § 18, 3. leden bostav d. Staten gjev tilskot til skuletarvende til sams bruk etter minstekrav som departementet set opp. Til framhaldsskular i byane gjev staten ikkje tilskot til skuletarvende, og heller ikkje til innbu til framhaldsskular i bygdene. Fylkestilskot er det heller ikkje til dette. Så langt må då kommunane vera budde på å greia desse utgiftene sjølve. Det er ikkje påbode i lova at departementet skal setja opp minstekrav til innbu eller til skuletarvende til sams bruk i framhaldsskular i byane. Men det er sjølvsagt at skulane må ha utstyr av dette slaget så dei er velberga til arbeidet sitt. Det er i seg sjølv grunnlaget for at skulane kan få rikstilskot. Departementet meiner difor at framhaldsskulane må ha det innbuet som folkeskulen skal ha etter rundskriv nr. 3 og 4 dagsett 9. oktober 1937, med dette attåt:
Skann 36 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/36/