SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 31 skann 33

31 I yrkesmerkte kurs freistar ein å auka krava til velgjort arbeid bort imot krava til handverksgjorde ting med større sjølvstende i utforming, arbeidsteikning og gang i arbeidet, og til å firma fram til greie framgangsmåtar i det heile. Mange av elevane her skal seinare inn på fagskular, og ein må freista gje dei så godt eit grunnlag som råd er for yrkesopplæringa. Noko kjennskaptil modellering er godt å få med. Litt småveving kan gå inn som omframarbeid til stønad for vyrkeslaera. Det er ulikt med bruk og smak i ulike landsluter så det kan ikkje vera verdt å setja opp ei viss modellrekkje. Hovudsaka er å læra elevane nyttetenlege arbeidsmåtar. Fram om alt må ein i og med det praktiske arbeidet leggja vekt på å byggja opp rette forestillingar og klåre tankar om teknikk, form, farge, fargeval og fargesamstellingar, reiskapar (verkemåte, stell, bruk) og arbeidshygiene (m. a. å få rørslene til å gå av seg sjølv). Årsakssamhøvet og samspelet mellom desse faktorane må elevane få god greie på. Så langt tida rekk, må elevane koma inn i material- og reiskapslære, gjera kostnadsoverslag, få kunnskap om historia til bunader, heimeyrke og industri med serskild vekt på alt som knyter seg til bygda eller byen elevane kjem frå. 5. Jordbruk og hagebruk. Opplæringa i desse faga har til føremål å gje elevane eit kunnskapsgrunnlag til å arbeida vidare på, fremja interessen deira for å stella med jord og dyr, og læra dei kva rasjonell drift har å seia. Til grunnlag for jordbruks- og hagebrukslæra må dei få kunnskap om korleis jordlaga har vorti til, ulike jordslag, kva serlag dei har og kvar dei finst. Grøfting, jordvæta og kva denne har å seia for plantevoksteren. Turvande plantenæringsemne, korleis plantar tek næring til seg frå jord og luft. Næringsemne som jorda treng tilførsle av. Gjødsel kunnskap: samansetjing,, verknad og bruk, ulike gjødselslag. Pløying, horving o. m. Stutt oversyn over jordbruksvilkåra i Noreg. Planteforedling, såfrø, viktigaste kulturplantane i jordbruket: korn, erter, rotvokstrar, poteter, engvokstrar. Noko om kulturbeite. Til innleiing i hagebrukslæra: Fyrst noko om korleis hagebruket har teki seg fram og kva verd det har. Drivbenkar, grønsakdyrking, fruktdyrking, bærdyrking, og noko om blomedyrking. Til innleiing i husdyrlæra: Fyrst noko om kva verd husdyra har for oss, med serleg vekt på, kva det å vera god mot dyra har å seia for trivnaden. Så må elevane få kjennskap til næringsemne, forslag, måleiningar og krava til foring for ulike dyr og dyreslag. Storfeet må elevane få vita meir om: om kalven, kviga, mjølkekua, fjøsstell, mjølkestell, oppsetjing av forlister. Rekk tida til bør ein ta med om hest, gris, sau, geit, fjørfe, kaninar, korleis, dei vert alne opp, fora og stelte, og noko om birøkt.
Skann 33 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/33/