SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 30 skann 32

30 lekk i heile opplæringa. I yrkesmerkte klasser må ein visa og gjera greie for ulike gjengemåtar og maskinstykke. Så langt råd er må ein setja elevane inn i eigenskapane til dei metall og legeringar av ulike slag som er mest nytta (kor sterke, harde, seige, tøyelege og bøyelege dei er), kvar ulike metall er å firma, utvinning, tilverking, bruk, kva dei har å seia i verdshushaldet. Å velja vyrke, prislaget for vyrke av ulike slag. Ålment om metallarbeidet, korleis det no står og kva verd det har i seg sjølv og for samfunnet. Elevane skal få øving i å vøla sitt eige skoty, i bygdeskulane selety og. Læraren må gjera sitt til at dei får sans for velgjort arbeid, skjøn på kor verdfullt arbeidet er og kjennskap til vyrket som skal til. Dei må få opplæring i å bruka det vanlege verktyet rett og øving i å slipa og kvessa knivar, skjefta syl og hamar, leggja bektråd og ,setja bust på, plugga med treplugg og stift. Attåt må dei få noko øving i å merk ja og stikka for beksaum, rand sying, grima og bøta, sola og flikka. Til avpussing å nytta dei mest van lege reiskapane. Dessutan kan dei laga sume andre enkle bruksting av ler og skinn : belte, tasker, futteral, skibindingar, slirer o. 1. 4. Handarbeid for gjente r. Målet er å hjelpa elevane fram til sjølvhjelp med bruksting til seg sjølve i vedlikehald og tillaging. Ut frå det elevane kan frå før, gjev ein dei grundig rettleiing om bruk og stell av symaskin og annan reiskap, kjennskap til dei sting og saumar som er mest i bruk. Elevane må læra å arbeida på ein praktisk måte og slik at dei ikkje skader helsa. Ein må øya inn orden og gode arbeidsvanar. Elevane må få skjøn på samsvaret mellom eit grunnmønster og kroppsform og rørsler, læra å ta mål, måta mønstret til i normalstorleik og gjera ei endefram omforming så plagget høver for den som skal ha det. Økonomisk tilklypping, rett merking og samanskøyting og prøving under tilsyn. Ein kan rekna med at om lag % av timetalet kan gå til sjølve arbeidsopplæringa. Resten av tida kan ein byta om lag jamt på arbeidskunnskap og teikning når ikkje teikning har serskilde timar. Fyrst får elevane laga enkle bruksting og prydting (t. d. spebarnty, kragesett) og går etter kvart på meir krevjande oppgåver (t. d. natt-ty, shorts, ermeforkle, kjole o. 1.) alt etter ulik dugleik og givnad for kvar og ein. Til personlege bruksting som elevane skal sy åt seg sjølve, må dei så langt råd er få lov til å velja farge, emne og form og gje utkast til einskildting. Strikking bør vera omframarbeid. Her og bør elevane arbeida etter sjølvgjorde tilmåtingar med mål og utrekningar. Dei må få øving i å laga papirformer sjølve til luer, vottar, kragar o. 1., strikka etter papirform (rekna ut masketal, fella, auka) og gjera småvølingar med påstrikking. 3. Ler- og skinnarbeid.
Skann 32 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/32/