SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 29 skann 31

29 I yrkesmerkte klasser aukar krava til velgjort arbeid, og ein må leggja arbeidet nærare opp til verkeleg handverk. Vyrket bør vera furu og bjørk. Serleg til utformingsarbeid bør det vera bjørk. Mest lagleg til overflater er lasering, boning med politur, lakkering med celluloselakk, oljing, måling. Å læra elevane vel opp i verktystell må ein leggja vekt på heile tida så lenge skulen varer. Så langt råd er, må elevane få kjennskap til trestrukturen, felling til trevyrke, skjering og lagring, trevyrke som handelsvare. I samanheng med dette kjem mæling og utrekning, dimensjonar o. 1., vanskar som kjem attåt fordi tre blir påverka av væte, norske treslag i vanleg bruk til snikring. Noko om utalandske treslag med framsyning av prøver, kryssfiner, sperreplater og korleis dei vert laga, føremoner og ulemper med ulike slag lim, politur, celluloselakk (serleg om brannfaren). Skoning og skruar. Ålment om handverket, korleis det no står, og kva verd det har i seg sjølv og for samfunnet. Heimeyrke. Form og farge i notids-brukskunst. Fargar og innreiing i heimen osb. Der dei har utkome til det, bør arbeidssparande maskinar koma inn i så stor mon som berre råd er: bandsag, svarvebenk, elektrisk boremaskin og slipestein /smergelskiver. 2. Metallarbeid. Elevane skal læra å bruka verktyet rett og få øving så mykje at dei er sjølvhjelpte i eit knipetak, gjera småvølingar i heimen eller på arbeidsplassen og laga enkle bruks- og prydting. I yrkesmerkt klasse må ein leggja opplæringa nærare opp imot verkeleg handverk og krava til velgjort arbeid må vera større enn i ei lmennpraktisk klasse. I slik ei klasse bør elevane læra å bruka både boremaskin og svarvebenk, og helst jernhovel (shaping). Vyrket bør helst vera stål, ikkje så mykje aluminium, tinn, kopar eller messing. Berre få har hatt metallarbeid i folkeskulen. Opplæringa i dette faget lyt då oftast ta til frå grunnen av. Med di faget endå er så lite kjent i skulane, kan det vera tenleg med nokre døme på arbeidsoppgåver, likevel så at ingen må kjenna seg bunden til denne «modellrekkja». Ein tek til med øvingar i verktybruk på eit prøvestykke: merking, meisling, filing, boring, gjenging. Så nokre enkle småarbeid med prøver i smiing, klinking og lodding: kolskuffel, vedkorg, lysestake, loddebolt, dor, meisel, strekmåt, linjal, lampe, skrivestell, brevklemme, passar, vinkel, skrutvinge, bausag, gjengesnitt. Arbeid med overflater bør helst vera avpussing og lakkering eller slettfiling og smergling. Å få elevane til å skjøna arbeidsteikningar og stella verktyet er ein viktig
Skann 31 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/31/