SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 28 skann 30

28 med prosent, promille, rabatt, rente, diskonto, gjera om mynt, mål og vekt frå dei landa vi har mest handelssamband med, gjera einfelde varekalkulasjonar osb., oppgåver med aksjar og obligasjonar. Flate- og romrekning gjer elevane i samanheng med praktiske arbeidsoppgåver elles. Bokføring. Målet for opplæringa i dette faget i dei vanlege framhaldsskulane må vera å læra elevane til å føra tilsyn med inntekter og utgifter og såleis ha oversyn over og plan i eigne pengesaker og eige hushald. I yrkesdelte framhaldsskular der bokføring går inn som ei yrkesgrein i opplæringa, bør dette faget vera skilt ut frå vanleg rekning og lagt i hendene på ein lærar med handelsskuleopplæring. Elevane bør få øving i slike posteringsoppgåver som kan falla på skogbrukarar, jordbrukarar, fiskarar, handverkarar, småhandlarar osb. og — om det blir tid til det — øving i å opna og slutta ein rekneskap. Det er viktig at elevane lærer å bruka dei konti ein må ha for kvar einskild næringsgrein, og at dei i det heile lærer å måta rekneskapsførsla etter dei krav kvar næringsgruppe stiller. Til oppgåver i sluttrekneskapar bør ein ta med dei avskrivingar som må til på maskinar, innreiing, fast eigedom o. 1. med posteringar og her koma inn på skattelovene. Elevane skal læra å fylla ut sjølvmelding. VIII. Handarbeid eller anna praktisk arbeid med arbeidsfyimmltap. Det praktiske arbeidet (arbeidsopplæringa) etter § 6 i lova skal vanleg gjelda eit yrke i arbeidslivet i bygda eller på staden, — og då kan det bli tale om fleire ulike fag. (Husstell høyrer og til denne gruppa, sjå nedafor.) Det er ikkje sett opp nokon opplæringsplan her i praktisk arbeid ved framhaldsskular for skogbruk, fiske eller andre av same slaget, for opplæringa er der så bunden til vilkåra i byen eller bygda at det er best når kunnige folk på staden gjer framlegg til plan i samsvar med dei retningslinene som gjeld for vedkomande fagskular. Det er noko anna med meir ålmenne praktiske fag, slike som trearbeid, metallarbeid, ler- og skinnarbeid (skomakararbeid), handarbeid for gjenter og jordbruksarbeid med husdyrlære. Her kan ein gje noko rettleiing om planane. Opplæringa skal byggja vidare på det som elevane har lært i folkeskulen, og hjelpa dei til sjølvhjelp så langt råd er med å halda ved lag og laga bruksting til eige bruk. Opplæringa tek til med å øya elevane i å bruka vanleg verkty, som sag, høvel, vinkel osb. Så går ein over til å laga enkle bruksting og prydting med dei mest vanlege samskøytingane : spikring, skruing, grating, sinking, slissing, tapping. Sjølve utforminga bør elevane få vera med og rå for så tidleg som råd er. Etter kvart får dei større og vandare oppgåver, og skal då vera med på å planleggja og gje teikning til arbeida sine. Ulike elevar bør få ulike arbeid etter dugleik og givnad. 1. Trearbeid.
Skann 30 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/30/