SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 27 skann 29

27 har eigne spesialrom der ein ikkje kan nytta roma til folkeskulen eller realskulen. Helselære. Av kunnskapen i anatomi og fysiologi friskar ein opp det ein har bruk for til å grunngje krava til helserøkt. Ein må gå inn på vilkåra for ei god helse så grundig som råd er. Mat og drikke, nytingsemne (misbruk av alkohol o. a.), klede, frisk luft, helsesame hus, reinsemd, motarbeiding av sjukdomar med fullgodt lækjartilsyn, vaksinasjon o. m. Kroppsøving, arbeid og kvild. Serskilt for gjentene: Kvinnehygiene. Elles vil gjentene få mykje av det som er nemnt, i husstellopplæringa og praktiske øvingar i barne- og sjukestell tilmåta for bruk i heimane. VI. Engelsk Ein tek sikte på å gjera elevane føre til å lesa engelsk og å bruka målet munnleg. Serleg skal ein leggja vinn på god uttale. Skriftlege øvingar nyttar ein til innøving av grammatikk og ordtilfang. I fyrstninga nyttar ein til skriftlege øvingar heimeavskrift, øvingar på veggtavla, diktat (for det meste etter førebuing), utfylling av oppgjevne tekster, og attgjeving av småstykker som elevane har lært utaboks. I siste kvartal av skuleåret kan ein nytta 1 time for veka på skulen til å skriva ei lett attforteljing. Dessutan jamt og samt skriftlege øvingar på skulen i samband med den munnlege opplæringa både i denne klassa og i 2. klassa. Opplæringa må halda seg til det mest vanlege og nyttige ordtilfanget. Elevar som ikkje har hatt engelsk i folkeskulen, bør i eitt-årig framhaldsskule tileigna seg eit aktivt ordtilfang på om lag 500 ord, i to-årig slcule om lag 1000 ord. Til lærebok høver det å velja ei som er godkjend til bruk i folkeskulen. Elevar som har hatt engelsk i folkeskulen, byggjer vidare på det dei har lært der og les eit utval av lesestykke og så mykje grammatikk som høver til det timetalet faget har. Til øvingar i skriftleg nyttar ein mest lette attforteljingar. For desse elevane høver dei lærebøkene som er godkjende til bruk i realskulen. Ein kan og fylgja leseplanane for 1 . realskuleklasse med høveleg tillemping. Em brukar direkte metode i opplæringa i samsvar med læreboka. VII. Redning med bokføring Etter den oppfrisking som må til, byggjer ein vidare på det som elevane kan frå før. Dei skal læra å løysa praktiske oppgåver med emne frå arbeidslivet. Dei skal læra å bruka reknetabellar når det fell lagleg. Ein må leggja vekt på grei og oversynleg oppstilling. Opplæringa i rekning og bokføring bør gå hand i hand til ymsesidig stønad. Elevane skal læra å skriva ut vanlege forretningspapir (nota, faktura, sjekk, posttilvising, postgiroblankett, vekslar o. 1.), få øving i å rekna
Skann 29 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/29/