SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 18 skann 20

18 A retta arbeidsoppgåver i orienteringsfaga. Det gjeld å nå fram til ein^ arbeidsmåte som gjer arbeidsbøkene til verkelege hjelpebøker for elevane, såleis at det vert naturleg for dei å bruka desse bøkene i arbeidet med eit emne. Men det bør ikkje ta for lang tid med å føra arbeidsoppgåvene. Det må ikkje verta noka nøyen utpensling på desse oppgåvene. Riss og teikningar bør vera så einfeldte som råd er, så dei ikkje tek så lang tid at dei fører borna bort frå det eigenlege arbeidet med emnet. Ein får heller slå av noko på kravet om at arbeidet skal vera så og så fint fråseggjort. Kan ein få retta bøkene til borna etter kvart medan dei arbeider med oppgåva i timane, i samarbeid med den einskilde eleven, så bør ein gjera det. Arbeidsoppgåvene i orienteringsfaga rettar ein ikkje som vanlege oppgåver i norsk. I rettinga tek ein i hovudsaka sikte på å gjera arbeidet betre remt fagleg sett med å få bort faglege mistak og med å få med nytt stoff osb. Ein må vera varsam med å driva rettinga såleis at elevane misser modet til å arbeida lenger. Ein bør difor fyrst og fremst festa seg ved dei viktigaste faglege mistaka. (Dei av borna som ikkje vil kunna greia arbeidet, må ein gjera det lettare for, t. d. ved å lata dei gjera berre ein viss del av den oppgåva som klassa eller gruppa har fått. ) Det viktigaste er at elevane sjølve får tid og høve til fagleg arbeid med emnet, og at dei når fram til eit så godt resultat som råd er, på rimeleg tid. I samanlikning med dette må rettskriving og prydeleg føring i bøkene koma sist — men sjølvsagt utan at dette dreg etter seg slurv og uorden i arbeidet. Heimearbeid. Ein må syta for at heimearbeidet vert rimeleg bytt på arbeidsdagane i veka. 1 ) Ein må ikkje setja større krav om heimearbeid enn turvande er. Serleg gjeld dette når arbeidsvilkåra i heimen er dårlege og elevane har små evner. Ein må alltid syta for at borna får nok tid til kvile og leik. Gjev ein for mykje heimearbeid, kan det føra til at elevane vert leie av det og tek til ymse former for fusk: Dei skriv av etter kameratar, får foreldre, sysken eller andre til å gjera arbeidet osb. Greier dei ikkje arbeidet til fastsett tid, kan det verta klander, attsitjing e. 1. Den viktigaste årsaka til attsitjing er jamnast heimearbeidet. Etterrøknad i ei rekkje med byskular synte at ora lag 50 pst. av all attsitjing kom seg av det arbeid elevane hadde å gjera heime. Før elevane får noko heimearbeid, må dei alltid ha fått turvande rettleiing på skulen. Tilsyn. Den som fører tilsyn med skulen, må ikkje gjera det såleis at lærarane har grunn til å tru at den som fører tilsynet, går og leitar etter manglar og mistak. Den viktigaste føreloga for den som fører tilsyn med ein skule er på kunnig og taktfull måte å gjeva effektiv hjelp, rettleiing og råd, og å syta for at det er godt samarbeid ved skulen og mellom skulen og heimane, såleis at skulen kan arbeida under så gode vilkår som råd er. *) Måndagen skal vera leksefri i framhaldsskulen.
Skann 20 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/20/