SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 19 skann 21

19 Til å vita korleis arbeidet vert drivi, kan ein då og då høyra på opplæringa, men vil ein få greie på resultatet av arbeidet, er det oftast mykje meir effektivt å sjå på dei ferdige arbeida og ender og då halda skriftlege prøver med oppgåver som mest mogeleg er i samsvar med det planen legg hovudvekta på. _ Det som gjeld det tilsyn med skulen som ein styrar eller inspektør har, gjeld og i hovudsaka lærarane sitt tilsyn med elevane, arbeidet deira og åtferda. Spørst det etter åtferda til elevane, då er det mykje om å gjera at ein litt om senn vender borna til å fara fint åt utan at nokon er til stades og passar på — anten det så er i skulestova, på leikeplassen eller utanom skulen. B. Fag- og timebyte. Dei serskilde planane for fag- og timebyte er laga for skular med frå 432 til 1254 timar i året. Her er det ikkje råd å setja opp fag- og timeplanar som høver for kvart av dei ulike kurs det kan bli tale om. Ein har teke med nokre «normalplanar», og det er sjølvsagt høve tii å endra dei der det er naudsynt, men ein vil åtvara mot å gjera avvik frå normalplanane utan det er serlege grunnar for det. Skal framhaldsskulen veksa fram til ein fast lekk i skuleverket, må ein ikkje laga ulikskap i utrengsmål. Det vil m. a. auka vanskane med å skaffa lærebøker, utstyr og lærarar. Det vil skapa uvisse med omsyn til det målet som er nådd, og dermed vil tillita til skulen lett bli skipla. Læraren må stå så fritt til timeplanen at ulike læreemne kan stø kvarandre best råd er, slik at arbeidet ved skulen blir samla og heilt. Det må ikkje vera ei streng arbeidsoppdeling i avskilde fag. Ein og same læraren bør derfor helst ha fleire fag, slike som naturleg stør kvarandre. Då blir det lettare å gjennomføra arbeidsskuleskipnaden. Serleg viktig er det, at same læraren har norsk og eitt eller helst fleire orienteringsfag (samfunnslære, historie, geografi). Til vanleg bør ein og same læraren ha praktisk arbeid og arbeidskunnskap, osb. Likevel må læraren då syta for at det, så langt råd er, blir" lagt så mykje arbeid i kvart fag som timeplanen syner. Til ålmenn rettleiing har departementet i rundskriv 25. juni 1947 sett opp ein Grunnplan (for skular med over 648 timar, som skal nytta minst V 4 av timetalet til praktiske fag). 14 timar eoretisK ke fag: norsk 5 timar rekning med bokføring 5 » samfunnslære 2 » helselære 2 » Til overføring
Skann 21 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/21/