SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 17 skann 19

17 mykje på borna sjølve, korleis hugen og evna til samarbeid er, ora det skal lukkast. Stoda i klassa kan vera mykje ulik. Når born vert svært ihuga med eit arbeid, med noko dei vil læra, så kan det individuelle arbeidet vera den beste forma for aktiviteten deira. Til andre tider kan borna ha hug til samarbeid og kameratskap i gruppa eller til arbeid under eitt av heile klassa. Formene bør skifta, elles kan arbeidet lett verta keisamt — det er ikkje nytt og forvitneleg lenger. Kontrollen kan ein greia på ymse vis, t. d. : 1) Ved munnleg klasseprøve — læraren eller gruppa sjølv styrar. 2) Ved munnleg utgreiing (foredrag) av ein eller fleire av gruppemedlemene.* 3) Ve d skri f 1 1 e g utgreiing (stil), anten eit større sams arbeid eller einskildarbeid frå elevane i gruppa. 4) Ved dramatisering av eit emne som høver til det. Dette kan passa godt på eit foreldremøte t. d. På eit såvori foreldremøte kan gruppa og leggja fram resultatet av det sams arbeidet under eitt. A rbeidssfyuleprinsippet. Undervisningsplanane for folkeskulen har jamnast lagt hovudvekta på kunnskapstileigninga i seg sjølv, og resultatet av arbeidet i skulen har i stor mon vorti verdsett etter den kunnskapsmengd elevane fekk og som dei greidde å gjeva att ved års- og avgangsprøver og elles. Ein har i stor mon innprenta lærestoffet med å gå igjennom lekser, læra lekser og høyra lekser. Vidfemnande etterrøknader har m. a. synt at etter det har gått ei tid, sit det etter måten lite att av det lærestoffet som elevane etter planane skulle ha lært. I denne normalplanen er det m. a. sett opp ymse minstemål. Serleg når det gjeld orienteringsfaga soge, geografi og naturfag, legg ikkje planen hovudvekta på elevane sitt arbeid med å hugsa, men på det meir allsidige, sjølvstendige arbeidet deira med stoffet. Planen tek med andre ora sikte på å gjennomføra arbeidsskuleprin sippet, eleyaktiviteten sitt prinsipp, så langt det høver, og såleis at arbeidet gjev så gode vilkår som mogeleg for fri og harmonisk vokster hjå borna. Arbeidsskulen vil såleis med appellen til initiativ or sjølvstendig verksemd — og med det til vilje og gjerning — i stor mon m. a. kunna hjelpa til å fremja den oppsedinga til karakter og karakterstyrke som alltid må vera ei viktig oppgåve for skulen. All stad der det er formålstenleg, må ein skipa arbeidet såleis at elevane sjølve vert mest mogeleg aktive. Elevøvingar, elevfreistnader og andre arbeidsoppgåver må difor få ein framskoten plass i skulen, men ein må sjølvsagt måta til arbeidsmåten såleis at han best råd er, høver for evnene og utviklingssteget til elevane og for dei emna ein arbeider med. Målet må her vera å ta opp i den skulen vi har, det i den nye skulen som gransking og røynsle frå det praktiske arbeidet i skulen har synt og syner er verdfullt nok til å verta sett i staden ror det minder verdfulle i den gamle skulen. Framtida for skulen vår heng i stor mon i korleis dette arbeidet lukkast, og for at det skal lukkast godt, er det turvande å gå fram både med kunnigskap og varsemd. 2
Skann 19 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/19/