SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 16 skann 18

16 elevar kjem i det rette samband med kvarandre, og eit gagnleg samarbeid vert Dygt opp. Læraren lærer å kjenna barnet si meining, utyiklingsstandpunkt og vilkår for^ arbeidet. Barnet får den praktiske rettleiing som just den aktuelle oppgåva krev. Eit av dei viktigaste opplysningsmiddel — lesinga — vert ein effektiv lekk i skulearbeidet når bøkene stendig vert tekne inn i det. Elevane vert vane til å lesa i bøker der dei finn forvitneleg og gjevande kunnskap. Uroa helst ikkje barnet i leiken eller arbeidet. Lat det helst få driva på så lenge hugen varar. Det er det naturlegaste og beste — serleg er dette bra dei fyrste skuleåra. Det er eit av dei store boda i barneoppsedinga. Dette bør ein ta turvande omsyn til, så ein ikkje tarvlaust skifter arbeidsemne frå time til time. Er borna svært annige med eit arbeid, bør dei helst få gjera det ferdig, endå om ein etter timetabellen skulle *a eit anna emne. Det individuelle arbeidet gjer at dei ymse elevane i klassa kan arbeida med ulike emne og fag i den same timen. I det individuelle arbeidet må læraren passa på at ikkje noka verkeleg naudsynleg opplæring vert forsømd. Gruppearbe id. Aktive born vil gjerne vera sjølvhjelpne og sjølvstendige. Dei vil og gjerne vera med og velja arbeidsoppgåvene og drøfta arbeidet. Ansvarsmedvitet vaknar når dei sjølve fastset det dei vil læra. Når ein drøfter oppgåva, fell det naturleg å skipa grupper som samarbeider om den oppgåva som er vald. Gruppa vel helst sjølv føraren sin, og arbeidet vert bytt. Samarbeidet er i gang, kvar einskild i gruppa tek sin part. Det er til gagn for elevane å læra og arbeida i lag. Samarbeidet gjer ofte at oppgåvene vert utførlegare og betre løyste. Kritikken vert skjerpt, vyrdnaden aukar for arbeidet som andre gier, og kameratskapen vert styrkt. Geografiske, biologiske, historiske og fysiske oppgåver,, dramatisering, kartarbeid osb. mnbyd ofte til gruppearbeid. Like eins sams arbeid, t. d. bygging og forming i sand og leire, grafisk framstelling, handarbeid og teikningar. Hjå dei fleste born er trongen til selskap, til å vera med i flokken, mykje sterk. For dei er det naturleg og morosamt å vera med i gruppearbeidet. Ei større sams oppgåve i rekning, i teikning, geografi, biologi osb. vil eggja arbeidshugen hjå dei og få dei til å gleda seg. Sume born har imot samarbeidet med kameratar. Ingen må røra arbeidet deira, ingen må sjå det. Slike asosiale born vil og litt om senn verta dregne inn i arbeidet som er sams for gruppa, og firma utløysing og kjenna seg tilfreds i kameratflokken. Gruppearbeidet er ein viktig lekk i arbeidet i skulen. Frå barneåra må borna leva seg inn i hopelaget, i samfunnslivet. Borna kjem som einskildmenne med sin sersyip. Men dei skal leva saman med dei andre og arbeida i lag med dei. Dei ulike evnene dei einskilde borna har, skal skulen — så langt han kan — nytta såleis at dei kjem til sin rett, så alle får utløysing og vokster for evnene og kreftene sine. Kvart barn har like sterkt krav på å verta teki omsyn til, og til å gjeva si hjelp til det sams arbeidet. Vyrdnad for andre og omsyn til andre vinn ein gjennom høveleg gruppearbeid, med di det tek opp andre sider av evnene til barnet enn det vanlege skulearbeidet gjer. Føraren i gruppa hjelper til å skipa arbeidet. Ein må ta sikte på å stella det såleis at initiativ og arbeidsevne hjå dei ymse borna kjem til sin rett. Sume samlar stoff, andre gjer utdrag or det som vert lesi. nokre teiknar, andre skriv, byggjer, modellerer osb. — alt etter arbeids-slaget. Når arbeidet er ferd;g, legg dei det fram til kontroll, og ein løyser gruppa opp, eller ho tek til med nytt arbeid. Kan gruppearbeidet koma i stand og borna likar det, har det — som alt er nemnt — mange føremoner og kan syna gode resultat. Men det står
Skann 18 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/18/