SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 14 skann 16

14 på at heile timetalet for året for kvart einskilt fag vert i samsvar med timebytetabellen. Skilnaden på flasser og på elevar. ... Bade klassene og dei einskilde elevane i ei og same klasse er mykje ulike nar det gjeld evner i det heile og evner og givnad for dei ymse skulefaga. l o ,^' av , oms Y n 111 skilnaden som er nemnd her, er det i mange høve bra a dela klassa i grupper som får ulike oppgåver å arbeida med alt etter evnene og hugen deira Ei slik gruppe let ein då arbeida på eiga hand medan læraren ser til med den gruppa som just då mest treng hjelp. Ei såvoren gruppeopplænng kan det serleg verta bruk for i rekning og norsk, men og i andre fag. Elevane er og ulike i mykje anna enn evner og givnader for skulearbeidet : titt barn er nærtakande — eit anna er meir robust, eitt er seint og tregt — eit anna er livleg og verksamt, eitt er tunglyndt og ofte misnøgt — eitt har ljost og lett lynde og er jamnast glad og tilfreds, eitt kan knapt retta seg; etter reglane for folkeleg framferd — eit anna har ingen vanskar såleis, eitt barn kjem lett til rettes med kameratane — eit anna kjem i ugreie med andre borni klassa rett som det er osb. Å fara ems fram med alle desse borna og krevja det same av alle, det ville vera likså gali som om ein lækjar t. d. bruka dei same hjelperådene mot allslags sjukdom. For at læraren skal kunna gjeva alle desse ulike borna den hjelp or rettleiing dei treng, såleis at resultatet av arbeidet i skulen kan verta godt, må han så langt råd er, læra å kjenna dei einskilde borna og dei tilhøva dei lever under. Ein god regel er det alltid — når det er noko i vegen med eitbarn — å freista firma årsakene til barnet si atterd idet heile: Kva er årsaka til at heimearbeidet blir dårleg gjort? hr det små evner, klen bustad, uro, uorden osb.? Kva er årsaka til at eit barn ofte er mismodig og tun^t i hugen, at det fer stygt åt mot kameratane, at det kjem for seint på skulen osb. ? Når ein har funni årsakene, då fyrst kan ein ha best von om å firma dei rette boterådene. Ei naudsynleg hjelp for læraren i arbeidet hans kan han firma iden pedagogiske og psykologiske litteraturen som handlar om framvoksteren, oppsedinga og oppæringa til barnet, og difor bør det ved alle skular f lnn asteit godt utval av slik litteratur. hi hielp til a få noko kjennskap til barnet vil det og vera å prøva det m \ s & ndar , dlserte evneprøver og skulemogenskapsprøver (individuell nrøving). Men dette tek etter måten lang tid og krev og serleg kunnskap Difor vil em for tida kunna gjera ein slik etterrøknad berre i einskilde tilfelle. 1 il rørehandsrettleiing kan det vera nyttig å bruka standardiserte gruppeprøver, men bade dei individuelle prøvene og gruppeprøvene kan enno berre vera til noko rettleiing i° r /r u ' en Jamsides med annan kunnskap som ein skaffar segom borna — ikkje noko meir. hin nøgnare kjennskap til elevane får ein ved å studera dei i arbeidet og ferda deira elles i skulen. Det er viktig å merkja seg korleis borna måtar seg til etter dei nye tilhøva : Korleis dei ter seg i leik og arbeid- kva dei talar om osb., og læraren bør notera noko av det han ender og då har merkt seg,
Skann 16 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/16/