SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 13 skann 15

13 opplæring som samsvarar med evner og givnad hos kvar einskild av dei så langt råd er. 5. I alt einskildarbeid må ein ha for auga at skulen er ein ålmenndanande skule som også skal gje elevane ei samanhengjande orientering om verda og serleg om verda i dag. I denne samanhengen er det verdt å merkja seg at ålmenndaning ikkje er det same som ei viss mengd teoretisk kunnskap. Den ålmenndaning eller den personlege kulturen som skulen vil gje, tek med både oppøving i planfast arbeid og samarbeid, og allsidig orientering om vårt eige samfunn. Dugleiken og verdfulle karaktereigenskapar, ikkje mengda av teoretisk kunnskap skal vera kjennemerket på den gode eleven. Elles høver mykje av dei ålmenne retningslinene i Normalplanane for folkeskulen og i undervisningsplanane for realskulen for framhaldsskulen og. Av innleiinga til Normalplanane for folkeskulen er det serleg verdt å merka seg desse stykka: Samla undervisning. Endå om faga er førde opp kvar for seg i timebytetabellen og i arbeidsplanen, skal ein ikkje halda faga skarpt skilde frå kvarandre i opplæringa. Å samla lærestoff ikring visse emne fell ofte svært naturleg i skulen, r- aga grip inn i kvarandre på mange stader. Stoff frå eit fag kan høyra naturleg med eit anna fag. I staden for å sjå lærestoffet delt opp og spreitt bør borna mest mogeleg sjå det som noko heilt. ..mi Av faggrupper som det kan høva godt i nokon mon a ta til samla undervisning, er : geografi — biologi — soge, fysikk — teikning ; — ; sløyd, husstell — naturfag — rekning. Ei meir avgrensa samla undervisning far ein med å ta berre to fag saman, t. d. geografi — biologi, handarbeid — teikning osb. Utfyllande lesing, skriftleg norsk og teikning får ein bruk for i dei fleste arbeidsoppgåvene i samla undervisning. ... o For at det skal verta høve til å driva samla undervisning, rna em og same lærar ha to eller fleire fag som naturleg høver saman, t. d. norsk og eitt eller fleire av orienteringsfaga — geografi og naturfag, naturfag og husstell osb. 1 ) Periodelesing. I staden for å ta kvart fag såleis som timebytetabellen syner — eit fastsett timetal for veka heile året — kan ein i ein stuttare eller lengre periode gjeva faget fleire timar med at ein tek timar frå andre fag — som då desse Jaga får att seinare. , , • • i, •j i • Dei lærarane som vil driva samla undervisning eller penodelesing, rna pa førehand arbeida ut ein plan for arbeidet. Brigdar ein timebytetabellen, må ein jamt — så langt råd er — passa J ) I framhaldsskulen kjem det til at samfunnslære har vorte eit sjølvstendig obligatorisk fag. Undervisning i andre orientering- fag som geografi og historie må ein då sjå i samanheng med samfunnslæra.
Skann 15 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/15/