SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 12 skann 14

12 Håkon Haugerud, skulekjøkeninspektør Herdis Hovland, stortingsmann Lars Moen, handarbeidskonsulent Signi Trætteberg. Undervisningsplanane byggjer og på tilrådinga frå dette utvalet, men serleg bolk A: Ålmenne retningsliner, er noko utvida, slik at den pedagogiske einskapen i planane for folkeskulen, framhaldsskulen og realskulen skal koma klårt fram. Framhaldsskulen har ein sentral plass i det norske skuleverket, og det er mykje om å gjera at undervisninga fylgjer dei same pedagogiske hovudlinene i alle skuleslag der arbeidsskule-prinsippet er lagt til grunn for planane. A. Føremål og ålmenne retningsliner. Framhaldsskulen har til føremål å fremja ålmenndaninga og karaktervoksteren hos elevane, førebu dei til livsgjerninga og arbeida for å gjera dei til dugande menneske både åndeleg og kroppsleg. Skulen skal byggja på det grunnlaget som er lagt i folkeskulen, og opplæringa skal vera skipa med serleg tanke på ungdom under 1 7 år. (Lova § 1) . Ein vil streka under at den nye framhaldsskulen er ein ny, sermerkt og sjølvstendig skule for- ungdom, og dette må ein ha for auga når em legg opp fagkrinsen. Ein vil åtvara mot å taka med for mange fag ut over dei som er lovfeste anten hovudvekta blir lagd på dei teoretiske faga eller på. arbeidsfaga. Elles gjeld desse reglane som ålmenne retningsliner for undervisninga i dei einskilde fag: 1. Ein skal ikkje ta opp att læreemne frå folkeskulen utan det er strengt naudsynt. 2. Der ein må ta opp att noko av det som er lært i folkeskulen, skal ein leggja det til rette med tanke på den alderen elevane har i framhaldsskulen, slik at det ikkje berre blir det same opp att med visse tillegg. 3. Ein må leggja stor vekt på å øya elevane opp til sjølvstendig arbeid og på å læra dei til sjølve å firma fram til tilfang dei har bruk for. Ein må med andre ord freista gjennomføra arbeidsskule-prinsippet om elevaktiviteten så langt råd er og slik at arbeidet gjev elevane dei beste vilkår for fri og harmonisk vokster og utvikling. Alle stader der det høver, må ein leggja arbeidet slik til rette at elevane sjølve arbeider aktivt. Elevøvingar og andre arbeidsoppgåver for elevane må derfor få eit stort rom i skulen, men sjølvsagt må ein i kvart høve velja ein framgangsmåte som svarar til evnene og mogningssteget til elevane og til dei emne ein arbeider med. 4. Ein må avgrensa alle pensa slik at arbeidsmengda ikkje blir for stor og arbeidsmåten kan bli pedagogisk forsvarleg. Ein må ta omsyn til den skilnad det er på klasser og elevar og setja krava etter det dei ulike elevane kan greia på rimeleg vis. Målet for opplæringa er ikkje å gjera elevar med ulik givnad jamgode i skulearbeidet, men å gje elevane ei
Skann 14 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/14/