SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 11 skann 13

Plan for framhaldsskulen. Innleiing. Dette heftet inneheld undervisningsplanar, fag- og timebyteplanar, utstyrslister og andre føresegner for framhaldsskular. I rundskriv frå Kyrkje- og Undervisningsdepartementet 25 juni 1947 €r det gjort greie for dei viktigaste føresegner om skipnaden av den nye framhaldsskulen etter lova av 8 november 1946. Der er det og medteke ei stutt rettleiing om fag- og timebytet. Lova gjev elles skulestyret og overtilsynet heller frie hender når det gjeld skipnaden av skulen («skuleplan»), fag- og timebytet. Det heiter i lova: «§ 4. I framhaldsskular med ei opplæringstid på 648 timar eller meir skal ein nytta minst ein fjerdepart, men ikkje over tre fjerdepartar av timetalet til arbeidsopplæring. Skular med stuttare opplæringstid enn 648 timar kan gje anten teoretisk opplæring eller arbeidsopplæring. § 5. I framhaldsskular med ei opplæringstid på 648 timar eller meir skal elevane få opplæring i desse emne (pliktige læreemne): Praktisk arbeid (arbeidsopplæring) med arbeidskunnskap, norsk, rekning med bokføring, samfunnslære og helselære. I skular med stuttare opplæringstid enn 648 timar skal dette vera pliktige læreemne: a) I teoretiske kurs: norsk, samfunnslære og rekning med bokføring. b) I praktiske kurs: arbeidsopplæring med arbeidskunnskap. Forutan dei læreemne som er påbodne, kan dei ha andre læreemne frå opplæringa i folkeskulen. I teoretiske kurs bør det vera noko opplæring i praktisk arbeid, og i praktiske kurs bør det vera noko teoretisk rettleiing knytt til arbeidsopplæringa. Kroppsøving skal vera pliktig læreemne i vanleg dagskule. Det skal vera opplæring i husstell for gjentene så framt det går minst 4 gjenter på skulen. Dette påbodet gjeld likevel ikkje skular der mindre enn ein fjerdepart av skuletida blir nytta til arbeidsopplæring. Føresegna i denne leden skal vera gjennomførd innan 5 år frå den tida lova tek til å gjelda. Skulestyret fastset skuleplan og fag- og timebyteplan med godkjenning frå overtilsynet.» Til rettleiing for skulestyra og lærarane har Departementet fått utarbeidd undervisningsplanar og nokre detaljerte planar for fag- og timebyte for byog landsskular med ulik skuletid og fagkrins. Fag- og timebyte-planane er oppsette i samsvar med tilråding frå eit fagleg utval med desse medlemene: Framhaldsskulestyrar Harald Korperud (formann), framhaldsskulestyrar
Skann 13 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/13/