SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 10 skann 12

10 Kapitel 5. Ymse føresegner. § 23. Til lærebøker må berre nyttast dei som overstyret har godkjent. Skulestyret vel lærebøker; men før vedtaket blir sett i verk, skal overtilsynet få høve til å seia si meining. Dei som går på skulen, vel sjølve om dei vil nytta nynorsk eller bokmål i skriftlege arbeid. Når ei lærebok som er innførd i skulen, finst i båe mål, vel kvar av elevane sjølv kva utgåve han vil nytta. § 24. Det som er fastsett i folkeskulelovene om skyldnad for embetsmenn og andre offentlege tenestemenn til å gje skulestyret og overtilsynet hjelp, gjeld og med omsyn til framhaldsskulen (§ 69 i landsskulelova, § 62 i byskulelova). §25. Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid fell bort: 1. Alle reglane om framhaldsskulen i folkeskulelovene for landet og for kjøpstadene frå 26 juni 1889 med tilleggslover. 2. Lov om folkeskulen på landet frå 16 juli 1936 § 5, 4og § 74, 3 slik denne føresegna lyder etter lov nr. 5 frå 1 7 juni 1937, og lov om folkeskulen i kjøpstadene frå 1 6 juli 1 936 § 68, 2. Frå same tid skal i lova om folkeskulen på landet § 36, første leden, lyda slik: Til løn åt lærarane i folkeskulen får kvart herad for skule som er halden etter §§ 5, 7 og 56 utbetalt av rikskassa ved utgangen av kvart fjerdingår: a) den delen av rikstillegga som fell på fjerdingåret (jfr. § 22), b) den delen av alderstillegga som fell på fjerdingåret (jfr. § 22), c) 50 hundrepartar i tilskott til vekeløna. Tilskottet skal ikkje reknast av høgare vekeløn enn den som Stortinget har fastsett, og ikkje for meir enn 21 veker om året i medeltal for kvar klasse i heradet. Denne regelen gjeld og for kommunar som har fått løyve til å skipa skulen etter føresegnene i byskulelova. Di har Vi godkjent og stadfest, liksom Vi hermed godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet. Gjeve på Oslo slott 8 november 1946. HAAKON (L. S.) Einar Gerhardsen Leif Østern
Skann 12 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/12/