SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 9 skann 11

9 Kapitel 4. Lærarane. § 19. Post på minst 24 veker og 720 opplæringstimar er heil lærarpost. Er ein lærarpost i framhaldsskulen knytt til lærarpost i folkeskulen eller i annan skule med ordinært rikstilskott (som realskule eller gymnas) skal posten reknast for heil lærarpost når summen av brøkane læraren har av heil post i kvar skule er minst 1 . Postar med mindre opplæringstid er timelærarpostar § 20. Overstyret fastset dei krava som skal gjelda når lærarar blir tilsette i dei ymse slag lærarpostar. Skulestyret fastset pliktene til lærarane i ein instruks som treng godkjenning av overtilsynet. § 21. Når det blir tilsett lærarar i framhaldsskulen, skal ein gå fram etter reglane i folkeskulelovene (§ 28 i landsskulelova, § 29 i byskulelova), men såleis at søknadene ikkje treng leggjast fram for krinstilsynsnemnda. Tilsetjing av hjelpelærarar, timelærarar, konstituerte lærarar og vikarar treng godkjenning av overtilsynet. Tilsetjing gjeld for det einskilde kurset eller med 3 månader oppseiing frå kvar side. Ein lærar som er saka i grov misferd, kan skulestyret straks setja ut av skulearbeidet til det kan gjeva han avskil. Har ein sjølvstendig framhaldsskule meir enn ein lærar, fastset skulestyret kven av lærarane skal styra skulen. Kommunestyret fastset styrarvederlaget. Er framhaldsskulen lagd til ein folkeskule med serskild styrar, kan skulestyret fastsetja at han skal styra framhaldsskulen og. § 22. Stortinget fastset minste grunnløna for heile lærarpostar i framhaldsskulen. På landet skal lærarane i slike postar ha rikstillegg og alderstillegg som fastsett for lærarar i storskulepostane i folkeskulen. Rikstillegg får berre dei lærarane som har lærarprøva eller ei utdaning som overstyret har godkjent. I byane skal lærarane ha alderstillegg som fastsett for lærarar i heile postar i folkeskulen. Lærar med 30 opplæringstimar i veka skal ha fullt alderstillegg, og lærar med mindre timetal i veka ein tilsvarande part. Den tenestetid som trengst til å få alderstillegg, skal vera så lang som fastsett for lærarar i folkeskulen. For samanknytte postar skal løna for opplæringa i kvar skule reknast etter det regulativet som gjeld for den skulen. Alderstillegg (og rikstillegg) skal skiftast likt på skulane. Dei reglane som gjeld i folkeskulen om utrekning av tenestetida til lærarane og om permisjon skal og* gjelda for lærarar i framhaldsskolen. Kommunestyret fastset løna til timelærarar, konstituerte lærarar og vikarar i samsvar med dei reglane som gjeld om slikt etter folkeskulelovene (§22, 5 i landsskulelova og § 24 i byskulelova). Om utbetaling av løn o. a. gjeld reglane i folkeskulelovene (§ 34 i landskulelova, § 34 i byskulelova).
Skann 11 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 9». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/11/