SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 34 skann 36

gamalnorsk tekst som ikkje er for lett. Omsetjinga bør helst gå til nynorsk. Attåt denne omsetjinga kan det krevjast ei stutt utgreiing om eit språkleg, litterært eller historisk emne som har samanheng med den oppgjevne teksta. Denne utgreiinga bør normalt ikkje vera over 2 skrivne sider. Til den munnlege artiumsprøva skal kandidaten kunna lesa opp og setja om eit stykke av det statariske pensumet og kunna gje saklege og språklege utgreiingar om det opplesne stykket. Han skal òg kunna gjera greie for verket (og eventuelt forfattaren av verket) som stykket er teki frå. Dessutan skal han kunna lesa opp og setja om eit ukjent, lettare prosastykke. Ein kan òg, om ein finn det turvande, prøva kandidaten i det kursoriske pensumet ved å lata han lesa opp og setja om eit stykke av det. Leseplan Klasse II Ein går gjennom lette øvingsstykke og lesestykke etter ei næmingsbok, les bøyningslæra etter same boka og driv attåt mykje med elementære bøyningsøvingar. Skriftleg: Eit stykke ut i hausthalvåret tek ein til med skriftlege øvingar på skulen, i fyrstninga omsetjingar frå nynorsk til gamalnorsk av setningar og småstykke som medar på å øva inn grammatikken. I siste delen av skoleåret tek ein til med omsetjingar frå gamalnorsk til nynorsk av lette stykke. I tillegg til slike omsetjingar kan ein gje små øvingsoppgåver i bøygning av substantiv, sterk og linn bøygning av adjektiv, verbalbøygning osb. Klasse III I denne klassen les ein om lag 100 sider statarisk og 50 sider kursorisk. Ein og annan time vert nytta til ekstemporallesnad av lett prosa både i denne og i siste klassen. Ein byrjar med å lesa eit utval or Heimskringla og held fram med å lesa eit utval or ei ættesoge. I slutten av skoleåret les ein vanskelegare delar av pensumet. Bøyningslæra og viktige delar av setningslæra blir lesne etter ei serskild lærebok. Skriftleg: Øving i omsetjing frå gamalnorsk til nynorsk kvar fjortande dag. Av og til vert det gjevi tilleggsspørsmål i eit språkleg, litterært eller historisk emne. — 34 —
Skann 36 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 13

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/36/