SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 28 skann 30

kunne få skriva norsk skolestil t. d. 6. kvar veke, og tilsvarande matematikk, fysikk, engelsk, latin like eins 6. kvar veke. Om oppgåvene i norsk stil Meir enn i nokor anna faggrein i gymnaset har ein her ei sterk sprejing av stoffet. Ved sida av reint litterære emne vert det nytta oppgåver frå næringsliv, politikk, geografi, historie osb. og alle slags aktuelle samfunnsspørsmål, men ein kjem òg ofte inn på emne som har tilknyting til problem i ungdomstida, både dei reint personlege og dei som møter ungdomen i heim, skole og samfunnsliv elles. Det er vel uråd både for lærarar og elevar å meistra så vidt mange og ulike emne på ein fullnøyande måte, og for at ikkje det heile skal gli ut, bør norsklærarane der det høver, søkja samarbeid med andre faglærarar (i historie og samfunnslære, geografi o. fl.) både når det gjeld å velja oppgåver og å døma svara. Rein ålment kan ein seia at det vert ei viktig oppgåve for norsklæraren å rettleia elevane i rett målbruk og logisk disponering av stoffet, læra dei å vera varsame med å fella kategoriske domar i tvilsame spørsmål, og freista førebu dei til å kunna vera med i samfunnsdebatten ved å ta opp sentrale og aktuelle samfunnsproblem og drøfta desse på ein sakleg og objektiv måte. Pensum til examen artium (Alle liner utan norrønlina) I. Litteraturpensum. Pensumet skal vera samansett av 5 heile diktverk (og av desse minst 2 i dramatisk form) eller utdrag av diktverk (kvart på minst 50 sider), dertil om lag 75 sider poesi, om lag 50 sider novellistisk stoff og om lag 50 sider essayistisk og/eller sjølv-biografisk litteratur. Av diktverka skal eitt vera frå norrøn litteratur (sagaomsetjing), minst eitt frå tida 1860—1890 og minst eitt frå tida etter 1890. To av verka skal vera på sidemålet. Poesien skal vera: 1—2 Edda-dikt i omsetjing, 2—3 folkeviser, dikt av Wergeland, Welhaven, Aasen, Bjørnson, Vinje, Garborg, Olaf Bull, Olav Aukrust og eit par lyrikarar frå vår eiga tid. Elles er valet fritt. Av poesien, det novellistiske og det essayistiske stoffet utanom dei serskilde verka skal minst ein tredjedel og høgst ein halvpart vera på sidemålet. I regelen vil pensum bli eins for ein heil klasse; men om ein elev skriv hovudstilen på eit anna målføre enn fleirtalet i klassen, har han rett til å velja sitt eige pensum. — 28 —
Skann 30 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/30/