SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 60 skann 62

— 60 — I dei tre fyrste klassane i det 5-årige A-, B-gymnaset og i det 4-årige landsgymnaset blir undervisningsmåten som i den 3-årige realskolen, og den skriftlege prøva ved utgangen av III. klasse blir som prøva ved realskoleeksamen. I avgangsklassen blir det tekstgjennomgåing med samtale på engelsk, ekstemporallesnad, delvis som i III. klasse på engelsklina, eller omsetjing av ordlag og setningar, jamvel av heile tekster, med einskildspørsmål på engelsk til eleven, når ein har for seg fagleg og litterær lesnad som byd på vanskar. Stutte elev-utgreiingar eller samtalar i samband med fri lesnad, film, radioprogram, personlege opplevingar kan vere nyttige; like eins av og til små skriftlege øvingar, brev, søknader, sjølvbiografiske data osb. Leseverket i avgangsklassen skal ha lesnad med ein språkleg vanskegrad om lag som engelsk normalprosa. Leseverket for desse linene bør ha stykke med emne a) frå moderne engelsk og amerikansk samfunnsliv, gjerne med biografiar av kjende menn og kvinner (kunstnarar, vitskapsmenn, politikarar), b) frå moderne vitskap, teknikk og internasjonalt samarbeid, c) frå engelsk og amerikansk litteratur, med stykke av dei fremste forfattarane i det 20. hundreåret. Ved den munnlege avgangsprøva i IV. klasse skal eleven prøvast i eit pensum på 120 sider. Av dei skal 90 sider (70 s. på reallina i 4-årig gymnas) vere lesne i avgangsklassen. Av dei 90 (70) sidene skal ein ta 40 sider frå faglege og/eller litterære stykke som i leseverket er stjernemerkte, av di dei er valde meir ut frå fagspråklege eller litterære omsyn enn stykka elles. Når det gjeld desse 40 sidene, får eksaminanden setje om spesielt vanskelige ordlag og setningar eller heile teksta og svare på einskildspørsmål. Framgangsmåten ved artiumsprøva når det gjeld samtale-lesnaden (80 sider), er den same som ved den munnlege prøva ved realskoleeksamen. Ekstemporalen skal ha ein språkleg vanskegrad om lag som lettare engelsk normalprosa. Fransk. Målet for undervisningen i fransk er: en god uttale, ferdighet i å lese og forstå lettere fransk (skriftmål og talemål), noen øvelse i å bruke språket muntlig, noe kjennskap til fransk natur, kultur og samfunnsliv. Elever på latinlinjen med gresk som fag og elevene på norrønlinjen skal ha tilegnet seg noenlunde sikker uttale og ferdighet i å lese og omsette til norsk et lite utvalg av lette franske tekster. I undervisningen blir brukt en begynnerbok med minst 100 sider tekst og elementene av den franske grammatikk, et utvalg av lesestykker, en kortfattet grammatikk og en fransk-norsk ordbok eller en alfabetisk ordnet ordliste.
Skann 62 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/62/