SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 59 skann 61

59 Engelsklina, 4-årig landsgymnas. (6—7—10—8 t.) Dei to fyrste åra går ein hovudsakleg etter planen for den 2-årige realskolen, men slik at ein held fram med fyrste bandet av leseboka for realskolen til ein på nyåret i II. klasse tek i bruk fyrste bandet av leseverket for engelsklina. Skriftleg ved årsprøva i II. klasse kan vere om lag som skriftleg prøve ved realskoleeksamen. Andreklassen skal ikkje kombinerast med andre liner i engelsk. Den fyrste månaden av III. klasse held ein fram etter planen for III. klasse av det 5-årige gymnaset. Resten av skoleåret og i IV. klasse les ein etter planen for IV. og V. klasse av det 5-årige gymnaset. Det er viktig, kanskje serleg i III. klasse, å nytte pedagogiske hjelperåder i undervisninga. Norrønlina med engelsk som nyspråkleg hovudfag. (6—7—7—7 t.) Planen blir med ymse tillempingar den same som leseplanen for engelsklina, alternativ B. Real-, latin-, naturfag-, og norrønlina med tysk som nyspråkleg hovudfag. (5-årig A-gymnas 7—6—4—4—0 t.) (5-årig B-gymnas 4—4—4—4—0 t.) (4-årig landsgymnas 6—5—4 (5)—4 (3) t.) Målet for opplæringa på desse linene er å auke evna hos elevane til å skjøne og bruke engelsk språk, og å gje elevane orientering i kulturliv og samfunnsliv i den engelsktalande verda. Når det gjeld engelsk som språkleg reiskap, skal ein fyrst fylle krava som gjeld for realskolen; dernest skal ein leggje vinn på å auke det aktive og serleg det passive ordtilfanget, for røynsla har synt at dersom ein har aktivt herredøme over eit knapt ordtilfang, kan eit monaleg større passivt ordtilfang snøgt bli aktivisert, når det er bruk for det. Gjennom munnleg opplæring og tekniske hjelperåder skal ein venje elevane til å høyre, skjøne og bruke engelsk. Gjennom ålmennkulturelt og i nokon mon gjennom fagleg orientert lesetilfang skal ein prøve å gje dei føresetnader til å fylgje med i ålmenn og fagleg litteratur på engelsk språk. Når det gjeld engelsk som orienteringsfag, skal ein gje elevane auka kjennskap til Storbritannia, Det britiske samveldet og U. S. A.
Skann 61 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 59». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/61/