SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 39 skann 41

— 39 — igjennom. Etter opplesningen skal han enten omsette det til norsk eller, med gjenlukt bok, svare på tysk på spørsmål om innholdet av det oppleste. Når en fastsetter karakteren, skal en også ta omsyn til eksaminandens uttale, og en skal legge stor vekt på ekstemporalprøven. Norrønlina med tysk som nyspråkleg hovudfag. (5—8—6—7 timar). Målet for opplæringa er å gje elevane kjennskap til viktige bolkar av tysk historie og til sermerkte sider ved tysk kulturliv og samfunnsliv. På grunnlag av det elevane har lært på fyrstesteget, skal opplæringa gje dei auka dugleik i å bruka språket skriftleg og munnleg. Pensum og læremiddel: Det skal leggjast opp til eksamen 180 sider statarisk pensum og om lag 240 sider kursorisk pensum. Obligatorisk pensum for den skriftlege prøva er på 120 sider. Statarisk, forutan det skriftlege pensum, blir det lagt opp eit munnleg pensum på 60 sider, av dette 30 sider valfritt. Det valfrie pensumet bør vera frå nyare tid. Det statariske pensumet må vera ihopsett av vektige og litterært verdfulle stykke frå tysk historie, dikting og samfunnsliv. I historiepensumet skal hovudvekta leggjast på det 19. og 20. hundreåret. I 1. klassen og største delen av 2. klassen brukar ein dei same lærebøkene som i realskolen. Det statariske artiumspensumet må vera godkjent av Overstyret. Til så lenge brukar ein det pensumet som er sett opp i rundskriv frå Kyrkje- og Undervisningsdepartementet (nr. 26 1933). Elevane skal ha nokon kjennskap til dei forfattarane som dei legg opp pensum av. Elevane skal òg ha ein viss kjennskap til tyske samfunnstilhøve. Ein kan her anten stø seg til ei stutt prenta framstelling eller lata elevane få turvande opplysningar på annan måte. Eksamen: Til den skriftlege eksamen ved utgangen av siste klassen skal eksaminanden gje ei utgreiing på god og naturleg tysk om eit emne frå det skriftlege pensumet. I staden for ei slik utgreiing kan dei kandidatar som har førebutt seg til ei slik prøve, skriva ei attforteljing + ei stutt omsetjing, begge to til saman på 5 timar, om lag så vanskeleg som ei tysk attforteljing for den gamle engelsklina. Ved den munnlege artiumsprøva skal kandidaten lesa opp og setja om til grei og naturleg norsk eit stykke av det statariske pensumet, og i ei samtale på tysk gjera greie for innhald og samanheng. Saman med dette skal han på tysk kunna gje opplysningar om forfattaren av stykket og saklege og språklege utgreiingar såleis og så fullstendig som ein kan krevja etter den opplæringa han har fått. Deretter skal han lesa opp
Skann 41 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 39». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/41/